Hopp til innhold

– Det er heilt utruleg å forestille seg

HAMBURG (NRK): Øydeleggingane er store etter nok ei natt med valdelege opptøyar i samband med G20-toppmøtet i byen.

øydelagd butikk i Hamburg

I butikken Budnikowski er det øydeleggingar for 400.000 euro etter at anarkistar herja lokalet i samband med G20-toppmøtet.

Foto: Guri Norstrøm / NRK

– Det er heilt utruleg å forestille seg. Om eg hadde lese om dette i avisa hadde eg ikkje trudd det, seier Cord Wöhlke idet han får oversikt over skadene i storkiosken han eig i bydelen Schanzenviertel.

Han fortel at han fekk ein telefon i går kveld og dro til butikken, der det var anarkistiske tilstander. Sjølv om bydelen er kjend for sine vensreradikale trur ikkje Wöhlke at det var lokale, for ingen av dei snakka tysk.

Demonstrasjoner i Hamburg
Foto: CHRISTOF STACHE / AFP

– Politiet er opptekne med å sikre G20-toppane

Helikopter har patruljert i natt over det som liknar på ei krigssone. Feiebilar er sett inn for å rydde opp i kaoset dei valdelege demonstrasjonane har etterlate.

Cord Wöhlke

Butikkeigar Cord Wöhlke er lamslått over øydeleggingane i butikken sin.

Foto: Guri Norstrøm / NRK

Butikkeigaren vil endå ikkje stille nokon til ansvar.

– Eg veit at politiet prøvde å hindre dette, men det har ikkje vore nok politi i gatene, sidan dei fleste er opptekne med å sikre G20-toppane.

Og den politiske eliten har fått mykje kritikk. Det gjeld også borgarmeisteren i byen.

– Dette er heilt forferdeleg. Borgarmeisteren bør tenke over kva han har tillate her. Han bør gå av, seier Detlef Graudenz som NRK også møter i bydelen.

Har ikkje opplevd liknande

Graydenz fortel at han var redd i går kveld, med mange aggressive demonstrantar i området.

– Eg synest det er utruleg at borgarmeisteren drar på konsert i Elbfilharmonien med G20-toppane i staden for å kome hit, når det brenn. Det er rett og slett frekt.

Ein anna innbyggar, Susana Vallejos-Pieper, er heilt på gråten når NRK snakkar med ho.

Susana Vallejos-Pieper

Susana Vallejos-Pieper var redd i natt.

Foto: Guri Norstrøm / NRK

– På grunn av all støyen fekk vi ikkje sove i natt. Det er ikkje til å tru det som har skjedd her, seier ho.

Vallejos-Pieper bur like ved og skulle berre ut å kjøpe brød. Butikken var som så mange andre i område øydelagd. Handlevogner som er forsøkt sett fyr på ligg slengt rundt. Bydelen er kjend for sine venstreradikale, men noko liknande har dei ikkje opplevd før.

– Dette er ikkje gjort av folk som bur her, dette er folk som kjem utanfrå. Folk som bur her er sjølvsagt også imot G20, men dei ville berre demonstrere fredelege.

Hamburg etter G20-opptøyer

Opprydningsarbeidet er i gang dagen derpå i Hamburg. Men framleis er ikkje demonstrasjonane over.

Foto: Guri Norstrøm / NRK

Endå har ikkje hovuddemonstrasjonen starta

Vallejos-Pieper synest synd på politiet og deira vanskelege jobb. Nær 200 politifolk har blitt skadde i opptøyane. Andre har kritisert politiet for at dei ikkje har kontroll over situasjonen, samanlikna med tidlegare demonstrasjonar. Politiet sjølve gir uttrykk for at dette er ekstraordinært.

– Vi har aldri opplevd så mykje hat og vald, seier politiets talsmann, Timo Zill, til Die Welt.

Og endå har ikkje hovuddemonstrasjonen begynt. Men trass i dei rundt 5000 valdelege demonstrantane som har teke merksemda dei siste dagane vil dei fleste av dei rundt 100.000 som vil møte fram i Hamburg laurdag protestere mot G20 og deira agenda på fredeleg vis.

SISTE NYTT

Siste nytt