Hopp til innhold

– Chattanooga-drapsmann var nyleg i Midtausten

Mannen som i går skaut og drap fire amerikanske elitesoldatar på to militære rekrutteringskontor i byen Chattanooga i Tennessee, har nyleg vore på minst ei reise til Midtausten, seier ei politikjelde til nyheitsbyrået Reuters.

FBI-agentar i arbeid på drapsstaden i Chattanooga.

Etterforskarar frå FBI undersøkjer ein av drapsstadene i Chattanooga, der ein mann skaut og drap fire soldatar frå US Marines.

Foto: TAMI CHAPPELL / Reuters

Det var i går kveld norsk tid at Mohammod Youssuf Abdulazeez gjekk til angrep på eit rekrutteringskontor for den amerikanske hæren på eit kjøpesenter i byen. Deretter køyrde han frå staden i ein open Ford Mustang til eit rekrutteringssenter for marinen 10 kilometer unna.

Fire elitesoldatar frå US Marines vart drepne , medan eit femte skotoffer fekk livstruande skadar, opplyser amerikanske styresmakter. Angriparen vart sjølv skoten og drepen av politiet.

– Var nyleg i Jordan

Chattanooga-drapsmannen Mohammod Youssuf Abdulazeez.

Mohammod Youssuf Abdulazeez greidde å skyte og drepe fire amerikanske elitesoldatar før han sjølv vart drepen av politiet.

Foto: HO / Afp

Kjelda Reuters har snakka med seier at dei veit at Abdulazeez nyleg har vore i Jordan, men at dei har mistanke om at han også vitja Jordan. Etterforskarane vil no prøve å finne ut om han på desse reisene var i kontakt med militante islamistar.

Den 24 år gamle mannen var fødd i Kuwait, men vart amerikansk statsborgar i 1996. Faren er jordansk og mora palestinar. Saka blir etterforska som ei terrorhandling, men det er klart at han ikkje var på politiet si liste over personar med terrorsympatiar.

Faren hans er tidlegare etterforska for moglege band til ein utanlandsk terrororganisasjon, skriv The New York Times. Han stod også på eit tidspunkt på ei liste over moglege terroristar og vart avhøyrt i samband med ei utanlandsreise. Dette skal ha vore for fleire år sidan, og at han er ikkje lenger på denne lista, skriv avisa.

Ingeniørstudent

Politiet har gått gjennom PC-en hans, men skal ikkje ha funne noko der som knyt han til Den islamske staten (IS) eller andre islamistiske militante grupper. IS har tidlegare trua med å trappe opp angrepa mot blant andre USA under fastemånaden Ramadan, som blir avslutta i dag.

Chattanooga skyting

Politifolk tok dekning bak ein bil under jakta på massedrapsmannen i Chattanooga i Tennessee.

Foto: Ap

Hussnain Javid (21), som er student ved University of Tennessee i Chattanooga, seier til nyheitsbyrået Ap at Abdulazeez var ingeniørstudent, og at dei hadde gått på same High School for nokre år sidan. Då var han på brytelaget på skulen og var ein populær elev, fortel han.

Javid seier også at han møtte Abdulazeez i eit muslimsk senter, men at siste gong han såg han der var for nesten eitt år sidan. I april i år vart han teken for fyllekøyring, men dei nærare omstenda rundt dette er ikkje kjende.

Ein mann legg ned blomar på drapsstaden i Chattanooga.

Ein offiser legg ned blomar på ein av drapsstadene i Chattanooga i Tennessee i USA.

Foto: Mark Zaleski / Ap

– Livet er kort og bittert

Etterretningsgruppa SITE, som overvakar ekstreme sider på Internett, opplyser at Abdulazeez sist måndag skreiv på bloggen sin at «livet er kort og bittert», og at muslimar burde bruke alle sjansar til å «vie seg til Allah».

USAs president Barack Obama kallar drapa i Chattanooga torsdag for hjarteskjerande, men han er forsiktig med å seie noko om kva motiv drapsmannen hadde.

– Vi kjenner ikkje detaljane enno, men det ser ut som om at gjerningsmannen handla åleine. Det er hjarteskjerande at desse fire, som tappert har forsvart landet vårt, skal bli drepne på denne måten, sa Barack Obama blant anna.

Chattanooga

SISTE NYTT

Siste nytt