Hopp til innhold

– CNN sender «infomercials for diktatorar»

Journalist Amber Lyon slutta i CNN i protest då ho oppdaga at Bahrain kjøpte seg positiv omtale i nyheitskanalen, medan ho samtidig jobba med å dokumentere grove menneskerettsbrot i landet.

Infomercial CNN

Ein militær leiar skryt uhemma om forsvaret i Bahrain, heilt utan kritiske spørsmål. Eit av mange statssponsa innslag som har gått på CNN.

Foto: CNN

Den tidlegare CNN-reporteren hadde i fleire månader vore i Bahrain for å dokumentere dei valdelege opptøyane i landet. Det resulterte i dokumentaren «iRevolution; Online Warriors of the Arab Spring», som gjekk på den amerikanske versjonen av CNN i sommar. Men trass i eit stort budsjett og ros frå kritikarane, vart den aldri sendt på den internasjonale versjonen av nyheitskanalen.

– Mange kollegaer sa til meg at den burde vore sendt internasjonalt, og at eg burde undersøkje kvifor den ikkje var sendt. Då vart det avdekka at denne dokumentaren vart sensurert, fordi Bahrain er ein betalande kunde til CNN, seier Amber Lyon til nyheitskanalen Russia Today.

Brutale drap og tortur

Bahrain ligg strategisk til i brennpunktet mellom den arabiske og den iranske interessesfæren i Midtausten. Landet ligg midt mellom Saudi-Arabia og Iran, og USA har militærbasar og sterke økonomiske interesser i landet.

Den arabiske våren starta i Bahrain tidleg i 2011 etter å ha spreidd seg frå andre arabiske land. Opptøyane kulminerte under «blodig torsdag» i februar same år, då regjeringsstyrkar drap fire uvæpna demonstrantar, og skada fleire hundre. Over 80 personar har blitt drepne av styresmaktene sidan, og det har vore avdekka systematisk bruk av tortur i landet.

I dokumentaren vart det gjort intervjuar med opprørarar som risikerte mykje for å stå fram i media. Nokre av aktivistane vart arresterte kort tid etter at dei hadde prata med CNN-teamet. Ein lege som vart intervjua fekk huset sitt brent ned kort tid etter, skriv The Guardian.

CNN-journalistane vart sjølv tekne i forvaring av styresmaktene i landet.

– 20 tungt væpna menn som var maskerte i svarte masker, hoppa ned frå militære kjørety og sikta på oss med maskingevær, rapporterte CNN-journalistane sjølv i april.

(artikkelen held fram under biletet)

Bahrain

Fire vart drepne, og fleire hundre skadd, då militæret angreip fredelege demonstrantar midti sentrum av hovudstaden i landet.

Foto: Hassan Ammar / Ap

Kravde tilsvar frå regjeringa

Då begynte alarmklokkene å ringe i Bahrain. Representantar frå regimet kom med kritikk mot CNN, og kravde eit møte på Midtausten-kontoret til CNN.

Dette skal ha ført til at Amber Lyon fekk beskjed om å inkludere eit utsegn frå utanriksministeren til Bahrain i dokumentaren, der han avkreftar at dei har avfyrt skot mot uvæpna borgarar. Dette trass i at Lyon med eigne auge hadde sett at dette ikkje stemte. Ho fekk heller ikkje jobbe vidare med å rapportere frå situasjonen i Bahrain av CNN.

CNN International er den største engelskspråklege nyheitskanalen i Midtausten. Ved å la vere å sende dokumentaren, fekk ikkje folk i Bahrain eller i nabolanda høve til å sjå realitetane i opptøyane, der statssensur er svært vanleg i dei nasjonale nyheitssendingane.

Store inntekter i Midtausten

CNN vart hardt råka av finanskrisa i 2008. Tradisjonelle sponsorar trekte seg frå samarbeidet med kanalen – noko som førte til at dei vart meir og meir avhengige av sponsorinntekter frå utlandet. Fleire av dei oljerike landa i Midtausten har difor vore lukrative inntektskjelder for nyheitskanalen. Ifølgje The Guardian har regimet i Bahrain vore eit av dei landa som har utnytta dette mest.

Det skjer ofte at CNN International viser program som er ein slags hybrid mellom nyheitsreportasje og reklamefilm, også kalla «infomercial». Men for den gjennomsnittlege sjåaren er det vanskeleg å skjøne at dette ikkje er vanleg rapportering frå eit land.

– Det CNN gjer er det nokre kallar for «infomercials for diktatorar», seier Amber Lyon til Russia Today.

Liknande sponsa programinnhald er også laga av CNN for Georgia og Kasakhstan. Land som også har fått kritikk for brot på menneskerettar.

– Forskjellsbehandlar landa

Lyon meiner det er tydeleg å sjå forskjellen mellom dekninga av andre autoritære regime i regionen, som Syria og Iran.

– Det er konstant demonisering av Syria, Iran og andre land i amerikansk «mainstream» media, men liknande brutalitet går føre seg i Bahrain og Saudi-Arabia utan at det på langt nær får same dekning, seier ho.

Gjennom fleire år har CNN blitt sponsa av organisasjonen Bahrain Economic Development Board. Dei skildrar seg som ein organisasjon som driv med internasjonal marknadsføring av kongeriket Bahrain, og er leia av kronprinsen i landet. CNN har gjort fleire dokumentarar i samarbeid med organisasjonen, der dei framstiller Bahrain som eit opent og attraktivt land å gjere forretningar i.

– Å skildre programmet som eit massivt propagandashow for regimet er å underdrive, skriv Glenn Greenwald i The Guardian.

Her kan du sjå døme på eit regimesponsa nyheitsklipp på CNN:

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Då den brutale undertrykkinga av demonstrasjonane starta i fjor, gjorde regimet sterkare framstøyt mot CNN for å bli framstilt i eit positivt lys. Berre to veker etter at Lyon hadde fortalt om dei grove menneskerettsbrota, publiserte CNN ein nettartikkel skriven av ein næringslivsleiar som omtalte kongen av landet i eit svært positivt lys.

– Eg har møtt kongen i Bahrain ved fleire høve. Dette er ein mann som vil ha reformer. Når han pratar om reformer, så meiner han det verkeleg.

– Ikkje overraska

Rune Ottosen

Journalistikkprofessor Rune Ottosen meiner ein ikkje blankt bør stole på kva CNN rapporterer.

Foto: Aas, Erlend / SCANPIX

Professor i journalistikk ved Høgskulen i Oslo, Rune Ottosen, seier til NRK.no at han ikkje er overraska over at CNN blir skulda for å setje økonomiske interesser framføre journalistisk integritet.

– Det er ikkje noko nytt at økonomiske interesser kan bidra til sjølvsensur. Men like fullt er det beklageleg, for denne dokumentaren hadde hatt stor interesse for CNN sitt internasjonale publikum, seier Ottosen.

Han fortel at det ikkje er første gong han har høyrt om kritiske historier om CNN si dekning.

– At det dukkar opp kritiske historier om CNN er i og for seg ikkje noko nytt. I opptakten til Irak-krigen var det folk frå det amerikanske forsvaret i redaksjonen. Då dette vart avdekka, påsto CNN at dette berre var tilfeldig, seier Ottosen.

– Vanleg redaksjonell vurdering

Men CNN held fast på at det var vanlege redaksjonelle vurderingar som låg til grunn for at dokumentaren ikkje vart vist på den internasjonale nyheitskanalen.

– Dokumentaren var planlagt for den amerikanske CNN-kanalen. Det er normalt at me sender forskjellig stoff på dei ulke plattformane, og slike avgjerder blir gjort utelukkande av redaksjonelle grunnar. CNN International har sendt meir enn 120 reportasjar om Bahrain over det siste året, der mange av de har vore kritiske i tonen, skreiv CNN i ein e-post.

TV-kanalen gjekk i ein nettartikkel punkt for punkt gjennom kritikken frå The Guardian, der dei nekta for å ikkje ha drive kritisk journalistikk mot Bahrain. Journalisten Glenn Greenwald i The Guardian svarar på dette tilsvaret, då han meiner CNN framleis ikkje har svart på kvifor dei sender sponsa reportasjar frå eit regime som gjer seg skuldig i menneskerettsbrot.

SISTE NYTT

Siste nytt