Hopp til innhold

9.500 sakna i japansk by

Styresmaktene i fylket Miyagi veit ikkje kva som har skjedd med 9.500 innbyggjarar i byen Minamisanriku i det nordaustlege Japan.

Video Landskapet i Japan før og etter tsunami

VIDEO. SJå byen før og etter tsunamien. Eitt av dei få synlege bygningane er sjukehuset.

Det er det japanske kringkastingsselskapet NHK som melder dette. I den korte meldinga heiter det at styresmaktene ikkje kan gjere greie for dei 9.500 innbyggjarane.

Hardast ramma

Hamnebyen Minamisanriku ligg midt i området som er hardast ramma av jordskjelvet og tsunamien. Byen ligg like nord for millionbyen Sendai, som er den storbyen i Japan som har fått merke mest til det som har skjedd.

Det er i alt 17.000 innbyggjarar i byen.

Innbyggere i Minamisanriku har skrevet SOS på bakken

Det er uklart kva lagnad 10.000 menneske frå hamnebyen Minamisanriku har fått.

Foto: YOMIURI SHIMBUN / Afp

Truleg er det mange sakna også i dei mange byane langs kyststrekninga som vart råka av naturkatastrofen, men styresmaktene har ikkje offentleggjort e samla oversikt over sakna.

Redningsarbeidet er i gang i Japan, og rundt 7500 menneske skal vere berga til i alt 25 ulike evakueringssenter frå denne byen. Det er altså uklart kva som har skjedd med dei rundt 9.500 andre innbyggjarane

Dekt av gjørme

Det er meldt at sjukehuset i byen var dekt av gjørme opp til fjerde etasje. Dette er ein av dei høgste bygningane i byen.

Japanske styresmakter sa tidlegare i dag at dei frykta over 1000 omkomne etter naturkatastrofen. Nyheitsbyrået Kyodo melder i ettermidag at 1700 menneske er omkomne eller sakna.

Rundt 300.000 menneske er evakuerte frå heimane sine i jordskjelvområdet, melder nyheitsbyrået Kyodo.

Utviklinga i Japan time for time: Enorme ødeleggelser etter jordskjelvet

LES OGSÅ: Involvert i flere sikkerhetsskandaler

LES OGSÅ: – Verste hendelsen siden Tsjernobyl

LES OGSÅ: Eksplosjon ved kjernekraftverk

Hamnebyen Minamisanriku er hardt ramma etter jordskjelv og tsunami.

Store delar av hamnebyen Minamisanriku er dekt av gjørme. Den store bygningen til venstre er sjukehuset i byen.

Foto: Naoki Ueda / Ap

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

SISTE NYTT

Siste nytt