Hopp til innhold

54 omkom i forlis

Minst 54 menneske mista livet då ein russisk trålar sokk i det vestlege Stillehavet natt til torsdag. Mange er framleis sakna i det iskalde havet.

Okhotskhavet

Frysetrålaren Dalniy Vostok gjekk ned ned nær den russiske Kamchatka-halvøya i Okhotskhavet.

Det var eit mannskap på totalt 132 menneske om bord i fartøyet då ulukka skjedde. 15 er framleis sakna, medan 63 er redda opp frå sjøen, oplyser lokale styresmakter

78 av dei som jobbar på trålaren er russarar. 54 andre er frå Myanmar, Ukraina, Litauen og Vanuatu.

Null grader i sjøen

Årsaka til forliset er førebels ukjend, men ifølgje russisk redningsteneste kan trålaren ha gått på drivande is og fått hol i skroget.

Det er null grader i sjøen i området, opplyser Viktor Klepikov ved redningssentralen Petropavlovsk-Kamchatsky til nyheitsbyrået Reuters.

– Det pågår no ein redningsoperasjon og me leitar framleis etter 15 personar. På noverande tidspunkt veit me ikkje kva som har forårsaka denne tragedien, seier Klepikov.

Ifølgje det russiske nyheitsbyrået TASS er det mistanke om at trålaren hadde overskride maksimal lastekapasitet.

Russisk trålar

Det russiske departementet for krisesituasjonar har torsdag frigitt dette biletet av ein frysetrålar av same typen som Dalniy Vostok.

Foto: Ap

SISTE NYTT

Siste nytt