Hopp til innhold

24 berga ut frå ukrainsk gruve

24 av dei 37 som var sakna etter ekplosjonen i ei ukrainsk gruve i går, vart i dag berga ut i live.

Ein gruvearbeidar er berga opp i live.

Ein gruvearbeidar er berga og blir teken til sjukehus.

Foto: STRINGER/RUSSIA / REUTERS

23 av dei 37 sakna berga ut av gruva

Eksplosjonen, som var svært kraftig, skjedde ein kilometer under bakken. I går var redningsmannskapa pessimistiske med omsyn til å greie å berge dei sakna.

Gleda var desto større då det i løpet av dagen vart henta ut 24 personar.

Marina Nikitina, talskvinne for gruveselskapet, seier rett ut at dei ikkje hadde venta å få opp så mange i live.

To arbeidskameratar omfamnar kvarandre etter å ha blitt berga.

To arbeidskameratar omfamnar kvarandre i glede over å ha bli berga.

Foto: STRINGER/RUSSIA / REUTERS

Leitinga etter dei resterande 13 gruvearbeidarane går føre seg for fullt, opplyser ho.

Karl Marx-gruva i Donetsk-området har vore operativ i 110 år. Det er ei av mange gruver med gammalt og dårleg utstyr. Det har vore mange gasseksplosjonar i ukrainske gruver dei siste åra, og fleire hundre menneske har mist livet.

Denne gruva skulle saman med 22 andre stengjast for ei skikkeleg gjennomgåing av tryggingssituasjonen for dei tilsette. Berre reparasjonsarbeid var tillate i desse gruvene, og det var denne type arbeid som gjekk føre seg i går, opplyser leiinga for gruveselskapet.

Eksplosjonen gjorde stor skade på gruveanlegget, også over bakken.

Denne kvinna ventar på nytt om mannen sin nede i gruva.

Denne kvinna ventar i spenning på om mannen hennar er blant dei berga.

Foto: Alexander KHUDOTEPLY / AFP
Det blir karakterisert som utruleg at så mange vart berga ut av gruva i live.

Det blir karakterisert som utruleg at så mange vart berga ut av gruva i live.

Foto: STRINGER/RUSSIA / REUTERS

SISTE NYTT

Siste nytt