Hopp til innhold

2000 innesperra i Kanaltunnelen

Meir enn 2000 menneske blei sitjande fast i jernbanetunellen under Den engelske kanal då fire Eurostar-tog med tekniske problem sperra toglinja.

Tog kjører gjennom Eurotunnelen under Den engelske kanal
Foto: DENIS CHARLET / AFP

Mellom 1200 og 1300 passasjerar på to av toga vart evakuert med eit tomt tog som blei sendt inn for å hente dei. Passasjerane i eit tredje tog måtte vente til deira tog blei henta ut seinare.

Venta i fleire timar

- Vi vart sitjande i tunnelen i eit par timar, og blei fekk ei rekke unnskyldningar, seier passasjer Lee Godfree til BBC

Dei nesten fulle toga, som alle var på veg frå Paris til London, fekk problem på grunn av den store temperaturforskjellen mellom kulda ute og varmen inne i tunnelen.

- Ingen blei skadd, men det var neppe komfortabelt for passasjerane, seier talsmann for Eurostar, Grant Smith.

Det er naudlys i toga, så folk unngjekk å sitje i mørket. Smith opplyser at det var første gong sidan tunnelen blei opna, at noko slikt har skjedd.

Innstilte tog

Det kraftige snøveret og sterke kulda nord i Frankrike og sørvestlege England førte til trafikkproblem, kanselleringar av flygingar, straumbrot og stengte skular mange stader.

Alle tog mellom Paris og London er innstilte til laurdag klokka 12 på grunn av snøen. Eurostar reknar med store problem i helga. Passasjerar blir oppmoda om ikkje å reise med mindre det er heilt nødvendig.

SISTE NYTT

Siste nytt