NRK Meny
Normal

20 drepne i sjølvmordsaksjon

20 sivile vart drepne i ein sjølvmordsaksjon i den sørlege afghanske provinsen Kandahar i dag.

Sjølvmordsaksjonen var truleg retta mot ein kolonne med NATO-soldatar, men det er førebels uklart om nokon av soldatane vart ramma.

Politisjefen i Kandahar, Sayed Aziz, seier til nyheitsbyrået Reuters at 20 sivile afghanarar vart drepne, medan 13 andre vart skadde.

 

 Angrepet skjedde like utanfor provinshovudstaden Kandahar, i same området der ein kanadisk soldat vart drepen og fire andre skadde tidlegare på dagen.

NATO tok over tryggingsansvaret i dette området sist måndag, og sidan då er fire NATO-soldatar, blant dei tre frå Storbritannia, drepne i ulike angrep.

Taliban-opprørarane står sterkt i Kandahar-området, og dei har trappa opp angrepa dei siste månadene. Dei har som mål å styrte regimet til president Hamid Karzai, og å jage alle framande styrkar ut av landet.

Ein talsmann for NATO-styrken i Kabul sa i ettermiddag at han hadde høyrt om angrepet i Kandahar, men at han ikkje kjende til detaljar om det som hadde hendt.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt