Hopp til innhold

19 drepne i moské i Iran

19 menneske er drepne i ein eksplosjon i ein moské i byen Zahedan i det søraustlege Iran i dag.

Blodflekker i taket på moskeen i Zahedan

Blodflekker i taket på moskeen i Zahedan.

Foto: IRNA / REUTERS

Oppimot 80 er såra i eksplosjonen, som provinsguvernør Ali Mohammad Azad seier var eit sjølvmordsangrep.

Angrepet skjedde under kveldsbønna i moskéen, melder det offisielle nyheitsbyrået IRNA.

Kort tid etter eksplosjonen vart det funne ei bombe til, men denne vart øydelagt av politiet før ho gjorde noko skade.

Blodflekker i moskeen i Zahedan

Gulvet i moskeen er blodstenkt.

Foto: MOJTABA GOUDARZI / AFP

Det vart gjort stor skade på moskéen, og delar av taket har falle ned. Moskéen er den største for sjiamuslimar i Zahedan, og skal også vere ein samlingsplass for militante sjiaer.

Nyheitsbyrået FARS melder at 20 er drepne og 55 såra.

Det er heilagdag i Iran i dag, for å minnast dødsdagen til Fatime Zahra, dottera til Mohammed. Angrepet skjer berre eit par veker før presidentvalet i Iran 12. juni.

18. februar i år var det eit angrep på Al Gadhir-moskéen i Zahedan.

Zahedan er hovudstaden i Sistan-Baluchistan, eit stammeområde som grensar mot Pakistan.

Det er ofte samanstøytar mellom iransk politi og opprørarar og militante opprørarar i dette området.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

SISTE NYTT

Siste nytt