Hopp til innhold

14 drepne i skytedrama i USA

14 menneske er drepne i skyte- og gisseldramaet i New York, opplyser politiet. Fire er kritisk såra.

Video nsps_upload_2009_4_3_19_6_33_2485.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Klikk på biletet for å sjå video.

- Dette er ein forferdeleg situasjon, seier David Paterson, guvernør i delstaten New York.

- Det finnest inga orsaking for eit slikt brutalt åtak på uskuldige menneske, legg han til.

Ein mann opna eld mot ei gruppe menneske inne i eit immigrasjonssenter i Binghamton i staten New York, 217 kilometer nordvest for New York City i kveld norsk tid.

- Vi har all grunn til å tru at gjerningsmannen er blant dei 14 døde, seier politisjef Joseph Zikuski.

Han gjorde det likevel klart at ein ikkje kan vere 100 prosent sikker på dette.

Zikuski opplyste på ein pressekonferanse seint i kveld at 37 menneske vart berga ut frå senteret i live, og av desse var fire kritisk såra.

Gjerningsmannen skaut først mot ei kvinne som jobba i resepsjonen. Ho vart skoten i magen, og ho let som om ho var død heilt til mannen gjekk vidare til eit anna rom for å halde fram skytinga. Då greidde ho å ringje til politiet.

Ei anna kvinne som jobba saman med henne vart drepen.

Stengde skule

Video nsps_upload_2009_4_3_22_17_55_2499.JPG
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Sjokkerte augevitne fortel om det som skjedde.

Politiet stengde av ein skule i nabobygningen, og det vart sett opp politisperringar i gatene rundt. Tungt væpna politifolk tok oppstilling utanfor, og spesialistar i gisselforhandlingar frå FBI var på plass.

Eit vitne fortel til WNBF at rundt 15 tilsette ved immigrasjonssenteret kom ut av bygningen med hendene bak hovudet, og at dei vart køyrde bort i ambulansar. Eit anna vitne har sagt at han såg to personar bli tekne ut av bygningen i handjern.

Det er uklart kva rolle desse kan ha hatt i det som har skjedd.

Politi i New York, gisselaksjon

Politiet har omringa immmigrasjonssenteret og stengt av gatene rundt.

Foto: CBS

Nokre av dei som var inne i bygningen greidde å kome seg ned i kjellaren og andre gøymde seg i eit skap, blir det fortalt.

Redningsmannskapa greidde å få kontakt med nokre av dei via telefon.

Gisselsituasjon

Ordføraren i Binghamton, Matthew Ryan, stadfesta tidlegare i kveld at det var ein gisselsituasjon på eit offentleg kontor for flyktningar og innvandrarar.

Våpendesperadoen skal på førehand ha køyrt bilen sin heilt inntil bakdøra til sentreret, slik at ingen greidde å flykte ut den vegen. Deretter tok han seg inn gjennom hovudinngangen og byrja å skyte rundt seg.

Augevitne har fortalt til lokale fjernsynsstasjonar at gjerningsmannen hadde asiatisk utsjånad og var i 20-åra.

Det oppheldt seg over 40 personar inne i senteret då mannen starta skytinga. Han skulle til senteret for å delta på eit språkkurs.

Bygningen tilhøyrer The American Civic Association, ein organisasjon som tilbyr engelskundervisning og anna hjelp til innvandrarar som nyleg har kome til USA

Dette er senteret der skyte- og gisselaksjonen ggjekk føre seg.

Det var inne i denne bygningen at 13 menenske vart drepne.

Foto: - / AFP
Stort oppbud av politi og sykebiler under gisseldrama i Binghampton i New York

Stort oppbod av politi- og sjukebilar utanfor immigrasjonssenteret.

Foto: CBS

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

SISTE NYTT

Siste nytt