Hopp til innhold

12 born drepne i Gaza

50 palestinarar er drepne av israelske styrkar i løpet av dagen, 12 av dei er born. I kveld blir det for første gong meldt om harde kampar inne i Gaza by.

Ein såra gut blir boren bort av ein i redningstenesta.

Ein såra unggut får hjelp av ein mann frå redningstenesta.

Foto: KHALIL HAMRA / AP

Leiaren for redningstenesta, Muawiya Hassanein, seier til nyheitsbyrået AFP at 550 palestinarar er drepne sidan starten på den israelske offensiven tredje juledag.

2700 menneske er såra i angrepa, legg han til.

Røde Kors opplyste tidlegare i dag at minst 75 av dei drepne palestinarane er born, og at minst 26 er kvinner.

Ein familie frå Beit Lahia søkjer tilflukt på ein FN-driven skulen.

Ein familie har søkt tilflukt på ein FN-skule nord på Gazastripa.

Foto: MAHMUD HAMS / AFP

Hamas og andre militante grupper på Gazastripa har avfyrt 500 rakettar og bombekastargranatar mot israelske byar i det same tidsrommet.

Tre sivile israelarar og ein israelsk soldat er drepne i desse rakettangrepa, og omlag 30 sivile er såra. I tillegg er ein israelsk soldat drepen i kampar inne på Gazastripa sidan israelske bakkestyrkar gjekk inn i området sist laurdag. 48 israelske soldatar er såra i kampane.

Medan kampane rasar på Gazastripa, og rakettangrepa mot israelske byar held fram, er det gjort fleire forsøk for å prøve å få til ei våpenkvile. Men ingen av partane i krigen verkar å vere interessert i ein snarleg stans i kamphandlingane.

SJÅ DEN DRAMATISKE VIDEOEN HER:

Video nsps_upload_2009_1_5_19_39_22_1532.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

I kveld blir det for første gong meldt om kampar inne i Gaza by, den største byen på Gazastripa. Det blir meldt om kraftige eksplosjonar og intens skyting mellom israelske soldatar og det som truleg er væpna Hamas-aktivistar.

Det er frykt for at talet på drepne kan kome til å stige dramatisk no når kampane har starta inne i Gaza by. Ein Hamas-talsmann seier at dei har skote rakettar mot sju israelske stridsvogner, og at 10 israelske soldatar er drepne.

Den Qatar-baserte arbiske fjernsynskanalen Al Jazeera melder i kveld at tre israelske soldatar er drepne, og 30 såra, i kampane i Gaza by i kveld. Dubai-baserte Al Alabiya melder at fire israelske soldatar er drepne.

Ein talsmann forgruppe Islamsk heilag krig seier at fleire av deira krigarar er drepne i kampane.

Det israelske forsvaret har stadfesta at deira soldatar deltek i kampar inne i Gaza by, men vil ikkje seie noko om drepne eller skadde.

Isrelske styresmakter har gjort det klart at dei vil stanse Hamas si evne til å skyte rakettar inn i Israel, og seier at det ikkje blir snakk om våpenkvile før det målet er oppnådd.

Hamas, som har makta på Gazastripa, har på si side gjort det klart at det ikkje blir snakk om våpenkvile før alle israelske soldatar er ute av området, og at blokaden av Gaza blir oppheva.

SISTE NYTT

Siste nytt