Hopp til innhold

10.000 personar sakna etter flaum i Libya

Heile nabolag er utsletta etter at stormen «Daniel» ramma Libya. Det er hittil blitt funne 5200 døde. Talet vil stige dei neste dagane.

Ein øydelagd bil står oppover ein husvegg. Ein mann poserer framfor. Ein gut syklar og ein annan gut triller på ein skitten koffert. Det er gjørmete og vått i gata.

Øydeleggingane etter «Daniel» er enorme, og Libya har bedt om internasjonal hjelp til oppryddingsarbeidet.

Foto: AFP

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Gatene er urovekkande stille i kystbyen Derna. Oppryddingsarbeidet har så vidt starta, og folk leiter etter dei sakna familiemedlemmene sine.

Bilar og øydelagde bygningar ligg att. Heile nabolag er skylt på havet, og Røde Kors estimerer at om lag 10.000 personar skal vere sakna.

– Eg kom akkurat tilbake frå Derna. Det er katastrofalt. Det ligg lik overalt – i havet, i dalane og under bygningar, seier luftfartsminister i Libya, Hichem Chkiouat.

Ei gata med ein stor vanndam. Bilar opp ned og tre og ein satelitt ligg på bakken. Ledningar stikk ut av bygningane.

Bilane som ligg strødd rundt om i byen, vitnar om dei kraftige naturkreftene som har vore i sving dei siste dagane.

Foto: AFP

Denne helga blei fleire byar nordaust i Libya trefte av stormen «Daniel». Men Derna blei hardast ramma. 30.000 skal vere fordrivne frå heimane sine i byen, ifølge Den internasjonale organisasjonen for migrasjon (IOM).

Flodbølger på sju meter skal ha treft byen. To demningar braut saman, som førte til store vassmengder.

Hittil har redningsmannskap og frivillige funne over 5200 døde, ifølge nyheitsbyrået AFP. Landets helseminister Othman Abduljalil kallar Derna no for «ein spøkelsesby».

Døde personar skal ha blitt spreidde gjennom byen av flaumen. Det seier Mohammed Abulammousha, talsperson for statsminister Osama Hamad sitt innanriksdepartement.

Abulammousha seier at han har vore vitne til «grusomme scener».

Eit område er rasert. Bygningar har kollapsa.

Øydeleggingane etter «Daniel» er enorme. Libya har bedt om internasjonal hjelp til oppryddingsarbeidet.

Foto: AFP

Rivaliserande regjeringar

Libya har slite med uro og konflikt etter at tidlegare leiar Muammar Gaddafi sitt styre blei styrta i 2011.

I dag har landet to rivaliserande regjeringar.

Den eine styrt frå aust-Libya, med statsminister Osama Hamad i spissen. Den andre blir styrt frå Tripoli, av statsminister Abdul-Hamid Dbeibeh. Tilbodet av, og kvaliteten på offentlege tenester, har difor vore varierande.

Sjølv om Dbeibeh-administrasjonen ikkje kontrollerer i aust, har dei sendt nødhjelp til området. Ambulansepersonell, medisinar og utstyr blei frakta med fly tysdag. Også Tyrkia har sendt søk- og redningsarbeidarar til dei flaumramma byane.

Bilar ligg i ein haug ved havkanten.

Bilar ligg att i haugar ved kysten etter at «Daniel» herja Libya denne veka.

Foto: Pressekontoret til Libyas statsminister / AFP

«Bibelsk katastrofe»

Det grusomme uveret herja Hellas, Tyrkia og Bulgaria førre veke.

Regn som vanlegvis blir spreidd utover eit år, fall på 24 timar i Hellas.

Regnfallet skal av fleire greske aviser ha blitt kalla ei «bibelsk katastrofe», og blir rekna som det verste i landets historie.

Landsbyar låg under vann – og fleire skal ha blitt «viska ut av kartet», melder The Guardian.

Toppen av ein motorvegg stikk opp av flaumen. Bilar står på den tørre flekken. Dronebilete.

Bilar på ei bru omgitt av flaum, i landsbyen Flamouli i Hellas i starten av september.

Foto: Stergios Spiropoulos / Reuters

SISTE NYTT

Siste nytt