Hopp til innhold

-Hizbollah skuldig i krigsbrotsverk

Amnesty skuldar den libanesiske Hizbollah-militsen for krigsbrotsverk mot sivile israelarar under krigen tidlegare i år.

Hizbollah-leiaren Sheik Hassan Nasrallah fotografert under eit intervju med libanesisk fjernsyn.

Den sjiamuslimske gruppa Hizbollah, som er støtta av Iran og Syria, skaut over 4000 rakettar mot det nordlege Israel. 43 sivile vart drepne og 33 andre vart skadde.

Fleire hundre tusen av innbyggjarane i det nordlege Israel vart tvungne til å flykte sørover i landet.

 

Irene Khan er generalsekretær i Amnesty International.
Foto: Carl De Souza, CARL DE SOUZA

Flykta sørover

I ein rapport frå Amnesty International heiter det at den einaste grunnen til at ikkje fleire vart drepne, var at så mange sivile flykta sørover eller oppheldt seg i tilfluktsrom.

Hizbollah blir skulda for å ha utvikla og modifisert rakettane sine med det for auge å skape flest mogleg drepne og skadde, og viser blant anna til eit angrep der åtte jernbanetilsette vart drepne i Haifa.

- Styrken i Hizbollah sine angrep på israelske byar og landsbyar, den vilkårlege måten rakettane vart skotne ut på og retorikken frå Hizbollah-leiarane, som stadfesta at sivile var mål for angrepa, gjer det heilt klart at dei har brote Folkeretten sine reglar for krig, seier generalsekretær i Amnesty International, Irene Khan.

Kritikk av Israel

Tidlegare har også Amnesty kome med sterk kritikk av dei israelske angrepa på Libanon, og sa blant anna at angrepa på den sivile infrastrukturen og angrep på sivile er å sjå på som krigsbrotsverk.

- Det faktum at Israel også har gjort seg skuldig grove brot på Folkeretten, kan ikkje brukast som orsaking av Hizbollah for deira handlingar. Det er ikkje rett å la sivile betale prisen for ulovlege handlingar frå den andre parten i ein krig, seier Irene Khan.

Amnestys nye rapport kjem mindre enn ein månad etter at organisasjonen bad FN om å etterforske både Israel og Hizbollah for det dei kalla grove brot på internasjonale lover, med det som mål at dei ansvarlege blir stilde til ansvar og at offera skal få erstatning.

Levande skjold

Denne rapporten frå Amnesty tek ikkje stilling til den israelske påstanden om at Hizbollah brukte dei sivile innbyggjarane i Sør-Libanon som levande skjold, og derfor var ansvarlege for at sivile vart drepne.

Den 34 dagar lange krigen i Libanon starta 12. august i år, då Hizbollah kidnappa to israelske soldatar og drap åtte andre inne på israelsk område.

1300 libanesarar vart drepne i løpet av krigen, dei fleste av dei sivile. 160 israelarar vart drepne, fleirtalet av dei var soldatar.

 

 

SISTE NYTT

Siste nytt