Det var i eit program på den amerikanske fjernsynsstasjonen CBS at Rumsfeld blei vist bilete frå den arabiske fjernsynskanalen al-Jazeera av det som blei sagt å vere amerikanske krigsfangar. Bileta var opphavleg frå irakisk fjernsyn.
Donald Rumsfeld seier at Geneve-konvensjonen forbyr fotografering av massemedium av personar tekne til fange i krigshandlingar. (Foto: Reuters)
- Dei bileta er eit brot på Geneve-konvensjonen, sa Runsfeld, og viste til det internasjonale lovverket om behandling av krigsfangar.
Han sa at konvensjonen forbyr fotografering i massemedium av personar tekne som fange i krigshandlingar.
Også Den internasjonale raudekross-komiteen, ICRC, meiner bileta er eit brot på Geneve-konvensjonen.
- Artikkel 13 i 3. Geneve-konvensjonen seier klart at krigsfangar alltid skal vernast mot krenking og offentleg interesse, seier talskvinne for ICRC, Nada Doumani.
Fire døde
Den arabiske fjernsynskanalen al-Jazeera viste bilete av minst fire døde kroppar, som blei sagt å vere amerikanske soldatar drepne i Irak. Det var også bilete av fem krigsfangar.
Bileta var frå irakisk fjernsyn. To av fangane, av dei ei kvinne, såg ut til å vere skadde. Ein av dei låg på ei matte på golvet.
Dette skal vere dei første amerikanske krigsfangane tekne i Irak, skriv telegrambyrået Reuters.
Fangane fekk spørsmål i sendinga om namn, militær identifikasjon og heimbyar.
Følgde ordre
Tre av fangane sa dei kom frå delstaten Texas. Ein annan oppgav Miller som namn, og Kansas som heimstad, og svara slik då han blei spurd om kvifor han var komen til Irak:
Eg følgde berre ordre. Eg har fått beskjed om å skyte berre dersom eg sjølv blir skoten på, og ønskjer ikkje å drepe nokon.
Al-Jazeera melde at krigsfangane og dei døde soldatane var innblanda i trefningar i nærleiken av byen Nassiriya, noko som er i tråd med tidlegare utsegner frå den irakiske visepresidenten, Taha Yassin Ramadan.
Pentagon stadfestar
Forsvarsminister Rumsfeld sa til CBS at bileta av amerikanske krigsfangar openbart var ein del av irakisk propaganda. Han tvilte på om bileta var det dei gav seg ut for å vere.
Den amerikanske fjernsynskanalen CNN melder at Pentagon stadfestar at rundt 10 amerikanske soldatar som var sakna i Sør-Irak, er tekne til fange. Pentagon arbeider med å varsle familiane til krigsfangane.
Respekterer konvensjonen
Den irakiske forsvarsministeren Sultan Hashim Ahmed seier at Irak vil respektere Geneve-konvensjonen, og ikkje kjem til å skade dei amerikanske krigsfangane.
På ein pressekonferanse sa han også at kroppane av dei amerikanske soldatane låg på ei slagmark ved byen Nassiriya i det sentrale Irak.
Forsvarsministeren sa at irakiske styrkar har øydelagt 10 stridsvogner og 20 militærkøyretøy i kampar ulike stader i Sør-Irak.