Hopp til innhold

- Stockholm var berre starten

Mannen som har kalla seg Al Qaidas krigsminister i Irak åtvarar om at angrepet i Stockholm sist helg berre er starten på "ein ny æra av jihad".

Stockholm vart ramma av ein sjølvmordsaksjon.

Berre sjølvmordsbomaren vart drepen i terroraksjonen i Stockholm sist laurdag.

Foto: - / Afp

Bodskapen er lagt ut som ei lydmelding på nettisda til ei gruppe som kallar seg Shumukh al-Islam, same nettsida som i går søndag var den første som identifiserte sjølvmordsbombaren i Stockholm. Identifiserer Stockholms-bomber

Mannen som snakkar blir identifisert som Abu Suleiman-al Nasser, Al Qaidas krigsminister i Irak. Han lovar nye angrep på NATO og Europa, melder det franske nyheitsbyrået AFP.

LES OGSÅ: Svensk politi får hjelp av FBI

LES OGSÅ: – Sverige og Norge deltar i en krig

Han ber om at NATO straks og utan vilkår trekkjer styrkane sine ut av Afghanistan. Om ikkje det skjer, seier han, vil vi slå til mot hjartet av Europa.

I ei skriftleg melding på same nettsida ber Abu Suleiman-al Nasser om at jihadistar skal skremme Vesten med falske meldingar om nye angrep i julehelga.

- Bruk dei neste dagane til å spreie terror og panikk i dei ikkje heilage landa. Vi vil skape redsle med falske alarmar, heiter det på nettstaden.

Berre sjølvmordsbombaren vart drepen i angrepet, medan to andre vart såra.

LES OGSÅ: Slik rekrutterer de ekstremister

LES OGSÅ: Kommentar: Den svenske idyllen smadret - for tredje gang

LES OGSÅ: PST: – Det kunne skjedd i Norge