Eit kinesisk nyheitsbyrå melder at satellitten har vore brukt spesielt til å leite etter restar frå det forsvunne flyet, ifølgje
. Funnet blei gjort i havet nordaust for Malaysia og sør for Vietnam, i eit område som er i den ruta flyet skulle følgje.Den statlege kinesiske administrasjonen for vitskap, teknologi og nasjonal forsvarsindustri (
), opplyser at dei har lokalisert tre flytande objekt i sjøen. Det eine objektet er 13 x 18 meter, det andre er 14 x 19 meter og det tredje er 24 x 22 meter.Torsdag morgon var fly og skip på veg til området som den kinesiske satellitten har markert, men søk med to fly har førebels ikkje lykkast med å lokalisere vrakrestane, melder Reuters.
Vietnamesiske og malaysiske myndigheiter oppfordrar nå til nøkternhet. Dei har nemleg søkt nøye i det berørte området i fleire dagar utan hell.
Direktøren for sivil luftfart i Malaysia, Azharuddin Abdul Rahman, bekreftar også at det ikkje er gjort nokon funn torsdag morgon. Han opplyser til AP at Kina ikkje har informert landet om satellittfunna, og seier at det er eit brot på instruksane.
Men han legg til at det aktuelle området har blitt søkt ein rekkje gonger, og at det har vore fleire rapporter om moglege vrakrestar der tidlegare.
– Ingen teikn til at flyet eksploderte i lufta
Amerikanske spionsatellittar har ikkje fanget opp noen teikn på at det forsvunne flyet frå Malaysia Airlines eksploderte i lufta.
USA har tidlegare brukt sine satellittar til å identifisere varme frå fly som har eksplodert. Men denne gongen har ikkje satellittane plukket opp noko, opplyser amerikanske tenestemenn til AFP.
Leiteområdet utvida
Observasjonen skal ha vorte gjort søndag 9. mars, altså dagen etter at flyet forsvann. Det er uklart kvifor dette ikkje er offentleggjort tidlegare.
Tidlegare i dag dobla malaysiske styresmakter det aktuelle søkeområdet, etter at alle tidlegare spor ikkje har ført fram.
Det var altså natt til laurdag at ein Boeing 777 frå Malaysia Airlines med 239 menneske om bord forsvann frå radarskjermane på veg frå Kuala Lumpur til Beijing.
Ikkje naudsignal
Flyet sende aldri ut naudsignal eller på nokon annan måte signaliserte at det hadde problem. Det har dei siste dagane fleire gonger vorte meldt om moglege funn av restar etter flyet, men kvar gong har det vist seg å ikkje stemme.
Fly og skip frå ti land deltek i leitinga etter det sakna flyet.
LES OGSÅ:
LES OGSÅ:
LES OGSÅ:
LES OGSÅ:
LES OGSÅ: