Hopp til innhold

Den syriske hæren ber opprørarane overgi seg eller døy

Den syriske hæren lovar å knuse opprørarane over heile Syria etter sigeren i den strategisk viktige byen Qusair. Valet for opprørarane er å overgi seg eller døy, heiter det.

Den syriske hæren har kontroll over Qusair.

To innbyggjarar i Qusair viftar med det syriske flagget etter at byen vart gjenerobra av syriske regjeringsstyrkar.

Foto: SANA / Reuters

Det var i dag tidleg at det syriske statsfjernsynet melde at regjeringsstyrkane har teke full kontroll over byen Qusair nær grensa til Libanon, etter to veker med harde kampar.

Ein talsmann for opprørarane vedgår over for Al Jazeera at dei har trekt seg ut av Qusair. Ein opprørsleiar vedgår at dei har tapt byen, men lovar at kampen mot regimet og deira utanlandske hjelparar vil halde fram heilt til regimet er nedkjempa.

Bashar al-Assad

Syrias president Bashar al-Assad sine styrkar seier dei har teke kontrollen over den viktige byen Qusair.

Foto: Anonymous / Ap

Qusair er ein strategisk viktig by i Homs-regionen, og både dei syriske regjeringsstyrkane og opprørarane er avhengige av forsyningslinene frå byen inn til nabolandet Libanon. Byen er også viktig fordi han ligg på vegen som knyt Damaskus til kysten.

– Ro og stabilitet

– Våre heltemodige soldatar har gjeninnført ro og stabilitet i Qusair, heiter det i ei fråsegn på syrisk fjernsyn. Det heiter også at regjeringsstyrkane har teke livet av eit stor tal terroristar, medan andre er tekne til fange.

– Sigeren i Qusair er ein bodskap til alle fiendane våre om at vi kan nedkjempe dei kvar som helst i landet. Vi vil ikkje nøle med å bruke jernneven mot alle som går til åtak på oss. Lagnaden deira er å overgi seg eller å døy, heiter det i ei fråsegn frå syriske hæren.

Den libanesiske fjernsynskanalen Al Mayadeen, som har eit reportasjeteam saman med dei syriske regjeringsstyrkane i byen, sende i morgontimane direkte frå byen. Det vart vist mange øydelagde bygningar, men reporteren sa at det ikkje var teikn til kamphandlingar i byen.

I går presenterte FN-utsending til Syria Lakhtar Brahimi ein rapport som blant anna seier at begge sider i den syriske borgarkrigen har brukt kjemiske våpen . Franske styresmakter seier at dei er sikre på at regjeringsstyrkane har brukt slike våpen.

Hizbollah med i borgarkrigen

Regjeringsstyrkane og krigarar frå libanesiske Hizbollah starta ein offensiv mot Qusair 19. mai i år.

Syria - kjemiske våpen

FN meiner begge sider i den syriske borgarkrigen har nytta kjemiske våpen.

Foto: Uncredited / Ap

Den sjiamuslimske Hizbollah-organisasjonen, som er støtta av Iran og Syria, kjempar no side om side med syriske regjeringsstyrkar i borgarkrigen fleire stader i Syria.

Samstundes er det meldt om harde kampar fleire andre stader i Syria. Den arabiske nyheitskanalen Al Arabiya melder at åtte libanesiske Hizbollah-krigarar vart drepne i kamphandlingar utanfor Damaskus i går.

Ein talsmann for Hizbollah stadfestar overfor nyheitsbyrået Reuters at dei har delteke i gjenerobringa av Qusair. Byen vart erobra etter eit overraskingsangrep i dag tidleg, seier talsmannen.

Iranske styresmakter har i dag gratulert Bashar al-Assad med at regjeringsstyrkane har teke tilbake Qusair.

LES OGSÅ: Hizbollah har kastet terningen

Store øydeleggingar i den syriske grensebyen Qusair.

Dei harde kampane om Qusair har ført til store øydeleggingar i byen.

Foto: Anonymous / Ap

Internasjonal kritikk

Hizbollah sitt direkte engasjement i borgarkrigen i Syria har vekt sterke internasjonale reaksjonar, og dei syriske opprørarane har sagt at dei ikkje vil delta på ein planlagt fredskonferanse utan at Hizbollah trekkjer sine styrkar ut av Syria.

Det er frykt for at Hizbollah si aktive rolle i krigen skal føre til at Libanon også blir trekt inn i krigen. Situasjonen er spent mellom sjiamuslimar og sunnimuslimar fleire stader i landet, spesielt i byen Tripoli.

Der har det nesten dagleg vore kampar mellom grupper som støttar det syriske regimet og grupper som støttar dei syriske opprørarane, og mange er drepne i kampane.

LES OGSÅ: Putin: Russiske raketter ikke levert til Syria ennå

LES OGSÅ: – Hizbollahs innblanding i Syria kan føre Libanon ut i borgerkrig

Saka blir oppdatert

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

SISTE NYTT

Siste nytt