Hopp til innhold

- Norske selskap utryddar villaks

I ein artikkel i vitskapsmagasinet Science vert norske laksegigantar som Marine Harvest peika ut som ansvarlege for å utrydde villaks i British Columbia i Canada.

Oppdrettslaks
Foto: Marøy, Terje / SCANPIX

I studien i Science vert det for forste gong påvist at lusproblem frå oppdrettsanlegg er i ferd med å utrydde villaksstammar i British Columbia.

Dei norske børsnoterte selskapa Marine Harvest, Mainstream og Grieg Seafood er dei klart største lakseoppdrettsselskapa i British Columbia.

Spår kollaps

Resultata av studien i Science syner at Pink salmon-populasjonane som er råka av lusproblem, har gått sterkt tilbake dei siste fire åra. Forskarar spår at dersom lusproblema held fram, så kjem 99 prosent av laksestammen til å kollapse dei komande fire åra.

Økologane Martin Krkosek og Alexandra Morton meiner at heile 80 prosent av Pink salmon-populasjonen i området er vekke som følgje av lusproblemet frå oppdrettsnæringa. Den vaksne laksen kan tole noko lus, men smolt og yngre laks er sårbar.

- Det er to hovudmåtar å løyse problema på. Vi kan flytte anlegga vekk frå elvene, eller drive oppdrett i lukka merder, seier Krkosek til avisa Fiskaren.

Han seier at kjemiske eller medisinske løysingar på problemet kanskje kan fungere, men at ein då risikerer skade eller biverknader på andre artar, samt resistens.

- Vil ikkje samarbeide

Krkosek kritiserer oppdrettsnæringa for manglande evne til å innsjå problemet.

- Vi har forsøkt å få til eit samarbeid i årevis, men det har vore vanskeleg. Oppdrettsnæringa vil ikkje snakke med miljøvernarar i det heile teke, og dei er skeptiske til vitskapen kring dette, seier han. 

- I Alaska er det ikkje lov å drive med denne typen oppdrett, og der er det eit stort fiske på villaksen.

Martin Krkosek

 

Avviser kritikk

Administrerande direktør Mary Ellen Walling i oppdrettsorganisasjonen BC Salmon Farmers' Association meiner at det som kjem fram i artikkelen ikkje stemmer.

- Påstandane i Science-artikkelen om at oppdrettslaks er i ferd med å utslette villaksen kjem ikkje overraskande på oss. Både han som er ansvarleg for artikkelen, Martin Krkosek, og medforfattar Alexandra Morton, er vel kjende for deira ekstreme syn på lakseoppdrett, seier Walling til Fiskaren.

SISTE NYTT

Siste nytt