Hopp til innhold

- Regn og flaum av bibelske proporsjonar i Colorado

Ekstremvêret vil ingen ende ta i den amerikanske delstaten Colorado. No er varme, tørke og skogbrannar erstatta av eit regnver av bibelske proporsjonar.

Og for ordens skuld. Den bibelske samanlikninga er det The National Weather Service, USAs meteorologiske institutt, som står bak. Tre menneske har mist livet hittil i uveret, ei kvinne er sakna, medan fleire tusen er evakuerte frå heimane sine.

Nedbørsrekord

Regn og flaum i Colorado i USA.

Mange vegar har blitt til elvar etter det kraftige regnet.

Foto: Dana Romanoff / Afp

Regnet fossar ned utan stans, og dette gjer at elvane går ut over breiddene sine. I går torsdag var det ille, men det kan bli litt mindre nedbør fredag. Verst ramma er byen Boulder og området rundt, men heile delstaten får merke dei frådande vassmengdene.

I Boulder er nedbørsrekorden for september frå 1940 slått grundig. Mange bygningar og bilar er tekne av flaumvatnet.

– Det kjem enorme vassmengder frå dalen ovanfor her, og vatnet må hamne ein stad. Uheldigvis hamnar det her i Boulder, seier beredskapssjefen i Boulder, Ashlee Herring.

I går kveld amerikansk tid bad styresmaktene rundt 4000 menneske som bur i nærleiken i elva Boulder Creek om å kome seg opp i høgare lende. Boulder Creek går gjennom sentrum av Boulder, og trafikksituasjonen i byen er kaotisk. Det er oppretta fleire senter for evakuerte i dei høgstliggjande områda i byen.

– Vi er på ei øy

Tunge regnskyer over Denver.

Tunge regnskyer over høghusa i sentrum av storbyen Denver.

Foto: David Zalubowski / Ap

Redningsmannskapa har problem med å kome seg fram til ein del avsidesliggjande småbyar ved foten av Rocky Mountains. Talsmann for Boulder County, James Burrus, seier at dei har sendt ut sms til 8000 telefonabonnentar med ordre om å evakuere.

– Det er ikkje mogleg å kome seg ut av byen, og det er ikkje mogleg å kome seg inn. Så vi er rett og stranda på ei øy, seier 37 år gamle Jason Stillman.

Han og sambuaren måtte evakuere heimen sin i Boulder, etter at ei elv like ved fløymde over.

Også storbyen Denver er ramma. mange av sentrumsgatene er overfløymde, men det har hittil ikkje vore naudsynt med omfattande evakuering i byen.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

LES OSGÅ: To døde i den verste skogbrannen i Colorados historie

LES OGSÅ: Tornadoer tar liv og ødelegger hjem i USA

SISTE NYTT

Siste nytt