Kunngjeringa blei framførd av etterretningssjefen i Pentagon, Stephen Cambone, på ei orientering i det amerikanske forsvarsdepartementet.
Cambone sa at ingen tilsetjingsstoff for bakteriologiske våpen var funne i laboratoriet, men at lastebilen kom til å bli nøye granska.
Han sa at at dei amerikanske styrkane tok hand om det mobile produksjonsutstyret 19. april. Utstyret var måla i militære fargar, og amerikanarane tok hand om det på ein kurdisk kontrollpost ved byen Tall Kayf i Nord-irak.
Pentagon trur regimet til den no styrta president Saddam Hussein har brukt lastebilen som eit mobilt laboratorium, skriv telegrambyrået Reuters.
Delar av utstyret på lastebilen kan ha blitt brukt til anna enne å produserte biologiske tilsetjingsstoff.
- Men amerikanske og britiske ekspertar har konkludert med at eininga ikkje ser ut til å ha hatt andre funksjonar enn produksjon av slike stoff, sa Cambone.
Vidare undersøkingar av køyretøyet skal gjerast i den irakiske hovudstaden Bagdad, der lastebilen skal plukkast frå kvarandre, fortalde han.
Biologiske våpen kan vere levande mikroorganismar som blir brukte for med vilje å spreie sjukdommar.
USA gjekk til krig mot Irak for å øydeleggje masseøydeleggingsvåpna til landet, men til no har verken amerikanarane eller våpeninspektørane frå FN som var i Irak fram til krigen starta, funne slike våpen.