Hopp til innhold

- Lovar å ikkje invadere Ukraina

USAs forsvarsminister Chuck Hagel seier han har fått lovnad frå sin russiske kollega Sergej Sjoigu om at Russland ikkje har tenkt å gå militært inn i Ukraina.

Chuck Hagel (t.v.) og Sergej Sjoigu.

Chuck Hagel (t.v.) og Sergej Sjoigu under eit møte i Brussel i fjor haust.

Foto: Olivier Hoslet / Ap

Dette seier Admiral John Kirby, talsmann for Pentagon, ved 23.30-tida norsk tid måndag. Hagel og Sjoigu hadde ein telefonsamtale tidlegare i kveld, og då sa Sjoigu også at militærøvinga ved grensa til Ukraina no er avslutta, og at soldatane har reist tilbake til brakkene sine.

– Trussel om maktbruk

Også russisk UD har sendt ut ei melding om telefonsamtalen. Her heiter det at Sergej Sjoigu forsikra Chuck Hagel om at militærøvinga no er over, men han gjorde det også klart at årsaka til den russiske militærøvinga var trusselen om maktbruk mot ukrainske sivile.

– Med ein gong ukrainske styresmakter gjorde det klart at dei ikkje ville bruke regulære militærstyrkar mot sivile, så vende russiske soldatar tilbake til hovudkvartera sine, sa Sjoigu ifølgje russisk UD.

– Ton ned retorikken

I fråsegna frå det russiske utanriksdepartementet heiter det også at Sjoigu også bad USA om å tone ned retorikken i spørsmålet om Ukraina.

Chuck Hagel bad på si side om russisk hjelp til å få sett fri dei åtte militære observatørane som vart tekne til fange av pro-russiske separatistar før helga.

LES OGSÅ: Separatister okkuperer bygninger i Ukraina

LES OGSÅ: Prorussisk ordfører i Ukraina skutt

LES OGSÅ: USA og EU innfører nye sanksjoner mot Russland

LES OGSÅ: Angreip demonstrantar med køller og steinar

Saka blir oppdatert

SISTE NYTT

Siste nytt