Hopp til innhold

- Libya skyt rakettar mot Tunisia

Libyske regjeringsstyrkar har fyrt av fleire rakettar over grensa til nabolandet Tunisia, ifølgje augevitne.

Grenseovergang mellom Libya og Tunisia

Tunisiske grensevaktar er på alerten etter at Libya gjentekne gonger har skote rakettar mot Tunisia. Biletet er frå mai.

Foto: ANIS MILI / Reuters

Dei libyske styrkane skal tysdag ha skote fleire rakettar frå Gaddafi-kontrollerte stillingar over grensa til Tunisia.

– Minst fem rakettar trefte tunisiske jord i Mrabeh. Det var kraftig bombardement frå Gaddafi si side av fjella, seier Mohammed Nagez, ein fastbuande handelsmann.

Så langt har ikkje rakettane gjort store skadar, fortel augevitne til nyheitsbyrået Reuters.

Anspent

Også den 17. mai skal fire russisk-produserte rakettar ha vorte skotne frå Libya mot Tunisia.

Den gongen truga den tunisiske regjeringa med å rapportera Libya inn til Tryggingsrådet i FN for «fiendtleg aktivitet».

Dagens åtak vil truleg forverra det allereie betente forholdet mellom dei to landa.

Ein anonym, lokal politimann fortel til Reuters at han fryktar at libyske rakettar kan råka den viktigaste grenseovergangen ved Wazen, der mange tusen menneske oppheld seg til alle tider.

På offensiven

I helga gjekk det føre seg harde, dødelege kampar i fleire libyske byar. Gaddafi-regimet er på offensiven, og hevdar no å ha teke full kontroll over området mellom Ajdabiyah i aust og grensa mot Tunisia i vest.

Måndag bombarderte Gaddafi sine styrkar eit oljeraffineri i den opprørskontrollerte byen Misrata i Libya, ifølgje journalistar og augevitne.

En Reuters-korrespondent som er i nærleiken av hamna i Misrata, fortel at seks rakettar råka raffineriet sine strømgeneratorar måndag kveld.

SISTE NYTT

Siste nytt