Hopp til innhold

Ekspertar skal snakke med sjokkerte Gøteborgs-ungdomar

Plusgymnasiet i Göteborg, sentrum for to dagar med alvorlege samanstøytar, har leigd inn eksperthjelp for å finne ut korleis ei tilsynelatande triviell sak kunne utvikle seg til regelrette gatekampar.

Opptøyer i Göteborg

Fleire hundre ungdomar deltok i jakta på ei 17 år gammal jente som dei skulda for å ha lagt ut krenkjande karakteristikkar og bilete på Internett.

Foto: Alexander Ehn / NTB scanpix

Det var tysdag denne veka at Göteborg vart ramma av den mest alvorlege uroa i byen på mange år. Ingen var førebudde på at nokre bilete og krenkjande karakteristikkar på Internett skulle utløyse slike krefter.

Fryktar ny uro i dag

Politiet fryktar ny uro i Gøteborg.

Politiet i Göteborg er redd for at uroa i byen ikkje er over enno.

Foto: BJÖRN LARSSON ROSVALL / NTB scanpix

Det er frykt for at uroa vil halde fram også i dag, men ved 11.30-tida i føremiddag var det ikkje meldt om samanstøytar. Store politistyrkar har teke oppstilling i sentrum av byen i tilfelle at uroa skal blusse opp igjen.

Fleire hundre ungdomar deltok i gatekampane, der målet var å ta ei 17 år gammal jente som dei meinte hadde stått bak dei krenkjande meldingane. Her vart ein del jenter framstilte som «horor», «slampor» og andre karakteristikkar som gir uttrykk for manglande seksualmoral.

Den 17 år gamle jenta som har gått skulda for meldingane på Facebook og Instagram nektar for å ha gjort det, og seier at andre må ha kuppa hennar nettprofil. Jenta, som er elev ved Plusgymnasiet, er no på hemmeleg stad, og ho torer seg ikkje tilbake til skulen.

LES OGSÅ: Instagrambråket: 16 år gamle Ebba ble kalt hore

Hentar inn eksperthjelp

Selskapet Academia, som driv det private Plusgymnasiet, opplyser at dei no har henta inn ein ekspert på sosiale medium på Internett for å svare på spørsmål både frå lærarar og elevar.

Opptøyer i Gøteborg

Politiet fryktar ny uro i Göteborg i dag og store styrkar har teke oppstilling i sentrum av byen.

Foto: BJÖRN LARSSON ROSVALL / NTB scanpix

– Det kan handle om kva som gjorde at dette utvikla seg så fort, at noko som byrja som lite kunne bli så stort og same så mange menneske, seier kommunikasjonsmedarbeidar ved Academia, Paula Hammerskog, til Sveriges Radio.

– Det kan også handle om kva mekanismar som er ei sving, korleis ein kan verne seg og kva ein kan gjere for ikkje å bli ramma av sladder på nettet, legg ho til.

LES OGSÅ: – Naivt å tro at dette ikke kan skje i Norge

LES OGSÅ: Oppfordrer til nye opptøyer i Göteborg

Open skule igjen

Plusgymnasiet opna igjen i dag, etter å ha halde stengt i går. Men det blir ingen vanleg skuledag, fortel Paula Hammerskog. Ho fortel at lærarane opna dagen med eit møte der det som har skjedd dei siste par dagane er einaste tema.

Deretter er det elevane som skal samlast for å snakke om det som har skjedd.

Dei 650 elevane ved skulen blir delte inn i to grupper. Halvparten møtte på skulen klokka 10 i føremiddag, medan den andre gruppa startar klokka 13. Målet er at alle skal få snakke ut om det som har skjedd, og i tillegg få informasjon om det som går føre seg på sosiale medium på Internett.

Den andre vidaregåande skulen som er ramma, Framtidsgymnasiet, heldt også stengt i går. Dei skulle eigentleg ha juleavslutning i går, og det er ingen spesielle planar for i dag eller i morgon.

LES OGSÅ: Instagrambråket: 16 år gamle Ebba ble kalt hore

LES OGSÅ: mest alvorlege uroa

– Ikkje for mykje sex

P4 sin redaksjon i Göteborg har snakka med unge jenter i byen for å få vite kva normer som gjeld for jenter i denne aldersgruppa for at dei skal bli godtekne av andre.

Jentene svarar at ein ikkje skal ha for mykje sex, for det er noko dei fleste meiner ikkje er bra. Men om ein ikkje har sex i det heile teke, då blir ein erta for å vere kjedeleg eller lite attraktiv.

Samlivseksperten Sandra Dahlèn seier til P4 at normene for unge jenter er svært kompliserte.

– Ein skal vise seg heteroseksuell attraktiv gjennom å gjere seg vakker, men ein skal ikkje like sex for mykje, seier ho til radiokanalen.

SISTE NYTT

Siste nytt