TV-kanalane Al Arabiya og Framtid i Libanon melde onsdag at ein person kasta ein granat mot bilkortesjen til den iranske presidenten Mahmoud Ahmadinejad.
Presidenten kom uskada frå eksplosjonen, som forårsaka mykje røyk. Fleire personar skal ha vorte såra i åtaket, melder avisa Khabar.
– Berre fyrverkeri
Bilkortesjen til Ahmadinejad var på veg frå flyplassen til ein del av den vest-iranske byen Hamadan då granaten blei kasta– dersom det var ein granat.
Ein talsmann for presidenten avviser nemleg at eit åtak på presidenten har funne stad.
– Røyken kom frå fyrverkeri som blei avfyrt til ære for presidenten, seier ein uidentifisert «informert kjelde» frå presidentens kontor til den statlege TV-kanalen Press TV.
Journalistbuss truffen
Ifølgje Bloomberg var det ein minibuss med journalistar som ble råka av ein heimelaga granat. Journalistane fulgde Ahmadinejad på hans besøk til Hamadan, vest i landet. Presidenten sin bil skal ha vore 100 meter unna eksplosjonen og granatkastaren skal ha vorte arrestert rett etterpå.
NRKs Midtaustenkorrespondent Sissel Wold, seier opplysningane som hittil har kome kring eksplosjonen er motstridande.
– Det er så langt få sikre detaljar kring det som har skjedd.
– Upopulær
Etter gjenvalet av Ahmadinejad i 2009 har den politiske uroa i landet auka, og er no på same nivå som under den islamske revolusjonen i 1979.
Ifølgje Wold vil spekulasjonane om kven som står bak dagens åtak snart spreie seg.
– Mange iranarar er lite begeistra for president Ahmadinejad. Misnøyen auka særleg etter valet i fjor sommar, då eit fleirtal meinte resultata var prega av fusk og at Ahmadinejad kuppa valet.
Protestane i etterkant av valet blei slått hardt ned på og førte til aukande grad av polarisering innad i den politiske eliten i Iran.
– Ahmadinejad er også grunnen til at Iran blir meir og meir isolert. Spesielt mange unge er skeptiske til landet si framtid slik det vert styrt no, seier Wold
Viste seg på TV
Kort tid etter bombeåtaket onsdag viste president Ahmadinejad seg på direktesendt iransk fjernsyn frå ein idrettsstadion i byen Hamadan.
Presidenten nemnte då ingenting om attentatet.
SJÅ VIDEO: Presidenten held ein direktesendt TV-tale rett etter eksplosjonen:
Klikk på biletet for å spele av video. Foto: Iransk statlig TV – Press TV