Hopp til innhold

- Gift deg med ein millionær

Silvio Berlusconi gjev råd til ungdomen.

Italias tidlegare statsminister Silvio Berlusconi
Foto: Interpress / AP

Silvio Berlusconi er ikkje akkurat kjend for å vakte orda sine vel.

Upassande kommentarar og uheldige vitsar har nær vorte eit varemerke for den tidlegare italienske statsministeren.

Under eit tv-program på statskanalen Rai2 i går slo han til igjen.

På spørsmål frå ein ung kvinneleg student om korleis eit ungt par skal få råd til å stifte familie i Italia utan å ha fast arbeid, svarte Berlusconi følgjande:

Du skal gifte deg med ein millionær. Kanskje med sonen min, Piersilvio. Det skal nok lukkast for deg, med det smilet som du har.

Silvio Berlusconi

- Skjønar lite

Utspelet har fått dei politiske rivalane hans til å rase.

- Desse orda syner klart kor lite Berlusconi skjønar av problema til dei unge.

Det meiner Berlusconis politiske rival Walter Veltroni, som er statsministerkandidat for Det Demokratiske Parti. I følgje dei nyaste meiningsmålingane ligg dette partiet seks prosentpoeng bak koalisjonen "Frihetens Folk", som Berlusconi leier.

Andre meinte at Berlusconi burde kome med ei offentleg orsaking til den unge kvinna.

- Latterleg

Berlusconi sjølv ser ingen grunn til oppstyr.

- Det er latterleg å ta slik på veg, uttala han etter sendinga. 

Seinare sende han pressetalsmann Paolo Bonaiuti ut for å avvise kritikken endå ei gong.

- Det Demokratiske Parti har ingen argument mot politikken vår, så Veltroni er nøydd til å klamre seg til ein spøkefull kommentar.

SISTE NYTT

Siste nytt