NRK Meny
Normal

- Gaddafi-son pågripen i Sirte

Fleire tenestemenn i det libyske overgangsrådet seier til nyheitsbyrået Reuters at Gaddafi-sonen Mutassim er teken til fange i Sirte.

Mutassim Gaddafi

Mutassim Gaddafi har vore nasjonal sikkkerhetsrådgjevar under Gaddafi-regimet.

Foto: DMITRY KOSTYUKOV / Afp

Han vart pågripen onsdag og teken til Benghazi, der han blir avhøyrt, seier oberst Abdullah Naker.

Mutassim Gaddafi vart pågripen då han prøvde å flykte frå Sirte i bil saman med familien sin. Dei første meldingane gjekk ut på at han vart pågripen i går.

Harde kampar

Soldatane til det libyske overgangsrådet kontrollerer no rundt 80 prosent av Sirte, men det er framleis harde kampar i byen. Talsmann for overgangsrådet, Mustah Hamza, seier at dei Gaddafi-lojale soldatane framleis gjer motstand i to bydelar som blir kalla Nummer to og Dollar.

Hamza trur kampane om byen vil vere over i løpet av eit par dagar. Sirte er Gaddafis fødeby og såleis symbolsk svært viktig for dei som framleis støttar han.

LES OGSÅ: Gaddafis barn - beundret og fryktet

LES OGSÅ: Libyas demokratiansikt til Haag

Mutassim Gaddafi er fødd i 1975. Han har militær bakgrunn, men er også utdanna lege. Han har hatt tittelen nasjonal tryggingsrådgjevar i Gaddafi-regimet.

Broren Seif al-Islam, er truleg på flukt saman med faren i eller rundt byen Bani Walid. Desse to brørne var før revolusjonen rekna som dei mest sannsynlege arvtakarane etter Muammar Gaddafi.

Muammar Gaddafi har fleire søner og døtrer .

Tre av dei, sønane Hannibal og Mohammed og dottera Aisha flykta i august over grensa til Algeria saman med fleire andre i familien.

Ein fjerde son Saadi – tidlegare mest kjend som playboy og tidlegare fotballspelar – har kome seg til Niger, medan Khamis som er leiar for den fremste elitebrigade i det libyske forsvaret, Brigade 32 er på ukjend stad.

Yngstesonen Seif-al-Arab skal ha vorte drepen i eit NATO-angrep i Tripoli.

– Kasta kokande vatn

Den etiopiske hushjelpa Shwejga Mullah kom til Malta frå Libya.

Shwejga Mullah vart funnen sterkt forbrend i huset til Hannibal Gaddafi i september.

Foto: DARRIN ZAMMIT LUPI / Reuters

Hannibal Gaddafi har fleire gonger vore framme i internasjonal presse, knytt til mishandlingssaker. Den siste då ei etiopisk hushjelp familien hadde hatt, kom til Malta frå Tripoli med eit fly som var chartra av det libyske overgangsrådet.

Hushjelpa Shwejga Mullah vart funnen sterkt forbrent i heimen til Hannibal i Tripoli etter at familien hadde flykta. Ho fortalde at kona til Gaddafi-sonen hadde kasta kokande vatn på henne fordi ho ikkje fekk dottera deira til å slutte å skrike.

LES OGSÅ: Libya og Sveits inngår normaliseringsavtale

LES OGSÅ: – Å angripe Sveits er ikke terrorisme

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt