- Al Shabaab tok gislar frå krasja fly

Den somaliske terrorgruppa Al Shabaab har teke 12 gislar frå eit transportfly som har krasjlanda sør for hovudstaden Mogadishu, melder det tyske nyheitsbyrået DPA.

Det vart først meldt at flyet var amerikansk og at det var fleire amerikanarar om bord, men dette er ikkje tilfelle, opplyser det amerikanske forsvarsdepartementet Pentagon.

Ein talsmann for dei lokale styresmaktene i Nedre Shabelle-regionen i Somalia stadfestar at Al Shabaab no har kontroll over både flyet og alle om bord.

12 om bord

– Det har blitt oss fortalt at det var 12 personar om bord, og nokre av dei er amerikanarar, seier talsmannen Mohamed Hussen Shine. Dette blir altså avvist av USA, som seier at dei kjenner til hendinga.

Det militære transportflyet var på veg frå den kenyanske hovudstaden Nairobi til Ballidogle-flyplassen utanfor Mogadishu då det styrte. Flyet var lasta med forsyningar til den afrikanske fredsstyrken i Somalia. Det er uklart om det var våpen og anna militært utstyrt i lasta.

Andre gong

Dette er andre gongen eit militært transportfly styrtar i Somalia denne månaden. 13. oktober i år krasja eit egyptiskeigd transportfly som frakta forsyningar til den afrikanske fredsstyrken, utanfor Mogadishu.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt