Ferja «Maharlika I», med minst 84 menneske om bord, forliste utanfor øya Leyte. 64 menneske er berga av andre båtar i området, melder nyheitsbyrået Reuters. Dei siterer kjelder i Sivilforsvaret.
Nyheitsbyrået AFP melder med det nasjonale katastroferådet som kjelde at minst 39 menneske framleis er sakna, og at 55 er berga
Høge bølgjer
Det blir meldt om svært dårleg ver i leiteområdet, og det har vore vanskeleg for andre skip å kome fram til ulukkesstaden på grunn av svært høge bølgjer. Det er likevel håp om at fleire kan bli berga, opplyser ei talskvinne for Krisedepartementet.
Ferja melde før havariet frå om at det var problem med styringa.
– Redningsarbeidet går føre seg for fullt. Det er for tidleg å seie om nokon har mist livet, seier kommandør Armand Balilo i den filippinske kystvakta.
Tyfonen «Kalmaegi»
Det er kraftig vind og regn i området som følgje av at tyfonen «Kalmaegi» har kome inn over den nordlege delen av Filippinane.
Det var eit mannskap på 26 om bord på ferja og 58 passasjerar.
Det lokale politiet opplyser at dei sjekkar opplysningar frå vitne om at det var minst 100 passasjerar om bord
Saka blir oppdatert