Hopp til innhold

Vil bygge oppdrettsanlegg langt til havs med teknologi frå oljebransjen

– Ein bør forstå meir av konsekvensane før ein set i gang med dette, åtvarar havforskar. Han er mellom anna redd den nye oppdrettsnæringa kan skade villaksbestanden.

Oppdrettsanlegg til havs

HAVBRUK TIL HAVS: Med teknologi frå oljenæringa vil ein byggje installasjonar der ein kan drive oppdrett av fisk langt til havs.

Foto: Headspin/FarmOcean

Det er logisk å drive oppdrett av laksen der laksen sjølv veks opp, seier Michael Skjold.

I bassenget hos Sintef Ocean i Trondheim viser han fram ein modell av ein oppdrettsinstallasjon som skal tole vêr og vind langt ute i havet.

Etter planen skal Nærings- og fiskeridepartementet lyse ut konsesjonar for såkalla «havbruk til havs» i nye område i løpet av året. Da trur Skjold slik teknologi vil vere avgjerande.

– Eg trur det er riktig veg å gå. Verda må ha mat som er produsert på ein fornuftig måte.

Vil byggje «djupvatn-merd» offshore

Skjold er ein av gründerane bak selskapet OceanFarm. Tidlegare jobba han i oljebransjen, men vil no bruke godt kjent teknologi derifrå i oppdrettsnæringa.

– Vi brukar veldig gammal teknologi, så kalla «jack-up-teknologi», i disse plattformene, seier Skjold.

Oppdrettsanlegg langt til havs krev installasjonar som toler meir vêr og vind, både for fisken og for menneska som skal arbeide der.

Les også Satser stort på havbasert oppdrett – Aker og Salmar går sammen

Røkke og Witzøe

Han fortel at installasjonen sine fire bein kan bli festa i havbotnen. Deretter kan både plattforma og nettet med fisk i bli heva og senka.

– Vi kan senke nota ned dit det ikkje er lusepåslag og der det er roleg og fint sjølv om det er uvêr.

– Også kan vi heve dekket over bølgehøgde slik at ein toler mykje vêr og vind.

Dette vil gi betre sikkerheit for dei som jobbar der og betre forhold for fisken, fortel Skjold.

Dypvannsmære-jack up

– Reint praktisk er det mogleg å få gjennomført i løpet av eit år eller to, fortel Michael Skjold om kor fort merden kan kome i drift dersom dei får klarsignal.

Foto: Morten Andersen / NRK

Redd havbruket kan skade villaksen

Før jul blei konsekvensutgreiinga av tre moglege felt som kan bli opna for havbruk til havs sendt på høyring.

Allereie har éin lokalitet fått klarsignal for å drive havbruk i området Frøyabanken Nord, over 80 km frå land.

Ein bør forstå meir av konsekvensane før ein sett i gang med dette, seier Vidar Wennevik, forskar ved Havforskingsinstituttet.

Havforskingsinstituttet er ein av fleire institusjonar som meiner ein enno ikkje veit nok om kva konsekvensar den nye typen havbruk kan få for miljøet i havet og andre artar.

Spesielt peiker Wennevik på at ein ikkje veit korleis oppdrettet kan prege villaksen når den forlèt fjordane og svømmer ut i havet.

– Vi har ein situasjon der villaksen slit, seier Wennevik.

Tre føreslåtte område for havbruk til havs (HTH): Trænabanken (5) sørvest for Lofoten, Frøyabanken nord (11) utanfor Trøndelag og Norskerenna sør (2) utanfor Jæren.

Konsekvensane av havbruk til havs i dei tre felta Trænabanken, Frøyabanken nord og Norskerenna sør har blitt undersøkt av Nærings- og fiskeridepartementet.

Foto: Fiskeridirektoratet

Les også Kom med «laksekrav» til ministeren: – Nokon må trekke i handbrekket

Vegard Heggem møter Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen i laksemøte på Hegra

Miljødirektoratet stengde i fjor laksefisket i store delar av Noreg på grunn av at det var lite laks i elvene.

Fleire peikte den gang på at oppdrettsnæringa måtte ta meir ansvar for den sviktande laksebestanden.

Også Miljødirektoratet er redd havbruk til havs kan gi skadar på laksebestanden ved at villaksen blandar seg med oppdrettslaksen eller blir smitta av lakselus.

Konsekvensane som er skildra for villaks aleine er så alvorlege og gir så høg risiko at Miljødirektoratet avrår ei slik utlysing i dei tre områda før meir kunnskap og sikrare driftsformer er tilgjengeleg, skriv direktoratet i sitt høyringssvar.

Les også Miljødirektoratet: Vil ha enda mer begrensning i laksefisket fra neste år

Fluefiske etter laks. To menn står i elva og fisker. Bildet er tatt i Trøndelag og Stjørdalselva, ved stedet Flora

– Milliardinvesteringar som skal gjerast

Her ligg det veldig store moglegheiter, seier Randi Grøntvedt i SjømatNorge.

Ifølge ein rapport frå Sintef frå 2022 kan havbruk til havs gi ei årleg verdiskaping i storleiken 100 milliardar kroner og fleire titals tusen sysselsette.

Grøntvedt meiner Noreg har svært gode naturgitte føresetnadar for å produsere fisk ved å drive havbruk til havs.

Da er det viktig at vi tek dei i bruk for å skape store ringverknader og bidrag til samfunnet elles.

Her snakkar vi om milliardinvesteringar som skal bli gjort.

Ho fortel at bransjen no ventar på kor det vil bli opna for den nye typen havbruk.

Det som er viktig er å få på plass gode rammevilkår og regelverk for at det skal vere drivverdig å få til havbruksproduksjon i disse områda.