– Dette er eit symbol på miljøkrisa.
Det seier Torfinn Evensen, generalsekretær i Norske Lakseelver til klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap).
Torsdag besøkte han Hembre gard ved breidda av Stjørdalselva.
Ministeren møtte mellom anna representantar frå Stjørdalselva elveeigarlag og Norske lakseelver.
Dei meiner det no må politisk handling til for å redde villaksen.
– Nokon må trekke i handbrekket for oppdrettsnæringa og vasskraftnæringa, seier Evensen.
Etterlyser politisk handling
Stjørdalselva er ein av 33 elver der Miljødirektoratet bestemte å stenge for laksefiske fra søndag.
– Dette er ein situasjon som burde vere ein «wake-up-call» for mange, seier klima- og miljøminister Eriksen.
– Vi må saman finne gode tiltak som gjer at fiskarane kan kome tilbake til elvene for å fiske.
Frammøtte elveeigarar peiker på at lakselus og rømte fisk frå oppdrettsnæringa er ein viktig faktor for at det i år har vore lite laks i elvene.
Torfinn Evensen meiner det haster med tiltak for å redde villaksen i elvene i Trøndelag.
Foto: Solvår Flatås / NRK– Oppdrettsnæringa er i ferd med å utrydde ein art og i tillegg øydelegge ei anna næring, seier Gunnar Fordal i Stjørdalsvassdragets elveeigarlag.
Han oppfordra ministeren til å ta tak i lovverket knytt til oppdrettsnæringa.
– Politikarane må komme på banen for å hindre at dette får fortsette.
Om ikkje er Fordal redd laksebestanden i mange elver vil forsvinne.
– Det har allereie skjedd nokre stader i landet. Dette er ein veldig dramatisk situasjon.
Gunnar Fordal i Stjørdalsvassdragets elveeierlag.
Foto: Adrian Tørring Haug / NRK– Må forvalte betre
Ministeren seier han forventar at oppdrettsnæringa tar situasjonen på alvor.
– Vi er nøydd til å forvalte systema våre på ei anna måte om vi skal kunne ha berekraftig bruk av naturen også i framtida. Vi skal gjere det som står i vår makt for å bidra til dette.
Samstundes seier han at slike endringar ikkje er gjort over natta.
– Dei to store belastningane med oppdrettsnæringa og klimaendringane vil ikkje forsvinne over natta.
– Spesielt klimaendringane, med mellom anna rekordvarme hav, er ikkje noko som kjem til å bli borte.
Han seier vi i åra som kjem må forvente at det kan bli dårlegare sesongar.
Ingen fiskar laks i Stjørdalselva no.
Foto: Solvår Flatås / NRKOrdførarar vil ha kompensasjonsordning
Ann Jeanett Klinkenberg er ordførar i Grong. Ho overrekte eit opprop frå ordførarar i fem kommunar med lakseelver.
– Å redde villaksen er jobb nummer éin, seier Klinkenberg.
Grong er ein av fleire kommunar der mange liværar seg av lakseturisme.
– Laksefisket betyr mykje for kommunen vår, både økonomisk og som ein lang tradisjon.
Ann Jeanett Klinkenberg (Ap), ordførar i Grong overrekte eit opprop frå fem ordførarar i «elvekommunar» langs Namsen, Gaula og Orkla i Trøndelag.
Foto: Adrian Tørring Haug / NRKI uttalelsen seier også ordførarane at det burde bli gjort utgreiingar om ei kompensasjonsordning for dei som no taper pengar på at laksefisket er stansa.
– Vi har mange innbyggarar som livnærer seg på laksefisket. Dei må betale låna sine og ha råd til mat.
Tidlegare i dag uttalte mellom anna SV-politikar Lars Haltbrekken at oppdrettsnæringa burde ta rekninga for dei som no mister inntekter.
– Eg har stor forståing for at mange no står i ein vanskeleg situasjon, seier Bjelland Eriksen.
Samstundes seier han regjeringa førebels ikkje har nokon planar om ei kompensasjonsordning.
– Vi planlegg i utgangspunktet ikkje for ein kompensasjonsmodell.