Hopp til innhold

Verdensmeister skal byggje opp drømmebakeri

Nyleg gjekk Martin Østnor frå Lierne til topps i Brasil, i kampen om å bli verdas beste industrimekanikar. No har han fått seg jobb – og skal vere med å byggje opp det nye drømmebakeriet i heimbygda.

Martin Østnor

Martin Østnor frå Lierne er verdas beste industrimekanikar.

Foto: Morten Karlsen / NRK

– Det følest kjempestort, kjempeartig, seier Martin, om den gjeve tittelen han nettopp har kome heim med frå Brasil. No er han tilbake igjen blant maskinene ved Nidar sjokoladefabrikk, der han har hatt læretida si på to år.

Fast jobb i heimbygda

Men 20-åringen har no fått seg fast jobb. No skal heim att til heimbygda Lierne for å delta i oppbygginga av det nye drømmebakeriet.

Men enn så lenge står han blant maskinene på sjokoladefabrikken, der tusenvis av festkaramellar kjem rullande på eit band bak han.

– Kva var det som gjorde at du ville arbeide med dette litt spesielle faget?

– Interessa har alltid vore der. Eg er glad i ting som rører på seg, «leamikk» synest eg er spennande! Det er artig med automatiserte maskiner og store anlegg, seier Martin, som sidan han kunne gå har halde på i verkstaden heime i Lierne.

– Eg har alltid vore interessert i verkstaden vår og har halde på der og styra!

Skjønte at han hadde talent

Fadder i læretida på Nidar har vore Harald Pedersen.

Martin Østnor, Harald Pedersen, Anders Greif

Martin med medalje om halsen, i lag med fadder Harald Pedersen og fabrikksjef Anders Greiff.

Foto: Morten Karlsen / NRK

– Skjønte du på eit tidleg tidspunkt at du hadde eit mekanisk talent framfor deg?

– Det skjønte vi alt når Martin var på utplasering. Då såg vi kva denne karen var god for, vi såg han kunne det han heldt på med, og alt då hadde vi bestemt oss for å gi han eit tilbod om lærekontrakt.

Spennande erfaring

Men no blir det altså tilbake til Lierne, for å vere med å byggje opp nytt lefsebakeri.

– Det blir spennande erfaring å få med seg, med oppbygging av eit heilt nytt anlegg og nye maskiner som skal intallerast.

– Så du byter ut sjokoladen med lefser?

– Ja, no går det over til lefser, ja! Men det går på næringsmiddel, det er fint å arbeide med!

Bankers

Fabrikksjef Anders Greif ved Nidar skryter uhemma av Martin, og seier at det betyr svært mykje for bedrifta å få inn så motiverte lærlingar.

– Er du litt lei deg for at Martin no drar tilbake til Sørli der han kjem frå?

– Nei, eg ønskjer Martin alt godt eg! Og så håpar at eg ein gong kan ringje han og seie at vi har ledig jobb her på Nidar.

– Ja, for han ville vel ha stilt relativt sterkt dersom de hadde lyst ut ein stilling og han hadde søkt?

– Ja, det hadde vore bankers! Det skal eg love deg!