Ung libysk kvinne får student-fredspris

I kveld får 24 gamle Hajer Sharief frå Libya «Studentenes fredspris» i Trondheim. Det skjer i Olavshallen, under den internasjonale studentfestivalen ISFIT.

Hajer Sharief, studentenes fredspris

Hajer Sharief får i kveld tildelt Studentenes fredspris i Olavshallen

Foto: Vigdis Wågø-Wares / NRK

Tidlegare i ettermiddag gjekk studentane som deltek på festivalen i fakkeltog - The Walk of Peace - frå Studentersamfunnet og gjennom byen til Olavshallen.

Den unge fredsprisvinnaren er jusstudent og har arbeidd med å førebyggje valdeleg ekstremisme blant unge i heimlandet, og også globalt gjennom FN. Ho kom med fly til Trondheim i ettermiddag, akkurat i tide til å delta i fredsmarsjen.

- Eit strålande døme

- Sharief er eit strålande døme på at unge ikkje er morgondagens leiarar, men at ungdom tar leiarskap I DAG. Ho symboliserer håp i ein tilsynelatende håpløs kontekst, skriv komiteen for årets fredspris i si grunngjeving, då tildelinga vart kjent i september.

– Det som er imponerende med henne er at ho klarer å knyte det lokale perspektivet i Libya, med internasjonal og global politikk, uttalte leiar i Studentenes fredspris, Håkon Noren til NRK.

Den tiande fredsprisen

I kveld får ho altså tildelt fredsprisen, den 10. frå studentane i Trondheim, og NRK møter den unge prisvinnaren før tildelinga i kveld.

Hajer Sharief i fakkeltog

Den unge fredsprisvinneren kom akkurat i tide til å delta i The Walk of Peace.

Foto: Vigdis Wågø-Wares / NRK

– Når du ser libyske ungdommar – eller ungdom frå andre land – som deltar i ekstremistgrupper, så har det ikkje med deira personlegdom å gjere, men med kva omstende dei lever under, seier Hajer.

– Dersom du har eit land som manglar tryggingssystem, så vil det utvikle seg kaos. Og det er ekstremistiske grupper som vil utnytte den situasjonen, seier Hajer Sharief.

Utestengd ungdom

– Når ungdom blir utestengde fra den politiske scenen, når dei ikkje får vere med å ta politiske avgjerder, som til dømes i parlamentet – av di dei ikkje blir valde inn der – ja så blir dei heller med i væpna grupper der dei kan bli høyrde, seier ho.

– Men er du optimistisk på vegne av ungdom i Libya?

– For å vere ærleg, så er eg meir realistisk enn optimistisk. Eg er klar over at det er veldig avhengig av det internasjonale samfunnet, spesielt når vi no ser korleis det endrar seg i dag, svarer fredsprisvinnaren.

Val i Europa avgjerande

– Eg tenkjer til dømes på korleis Europa vil koma til å sjå ut etter dei komande vala, det vil ha stor innverknad. Eg håpar på eit godt utfall, og at det skal gjere oss alle optimistiske, held ho fram.

– Det er eit felles ansvar det som skjer, anten det dreier seg om flyktningekrise, ulovleg innvandring eller konflikter.

Hajer Sharief deltar i morgon på ei 10 års jubileumsmarkering for fredsprisen, og skal då halde tale.

Fredag kveld fikk 24 gamle Hajer Sharief frå Libya «Studentenes fredspris» i Trondheim. Utdelingen forgikk i Olavshallen, under den internasjonale studentfestivalen ISFIT.