Hopp til innhold

Filma med mobilen før dødsulukka skjedde

Ein då 16 år gamal sjåfør er tiltalt for aktlaust bildrap etter at ein av dei to passasjerane omkom i ei ulukke på E6 i Melhus i mai.

Dødsulykke i Melhus

DØDSULUKKE: Sjåføren skal ifølgje tiltalen hatt høg fart før ulukka.

Foto: Morten Karlsen / nrk

Den jamaldrande passasjeren filma køyringa og er tiltalt for medverknad.

Det var Iver Gylland (16) frå Melhus som omkom i bilulukka. Han døydde av hovudskadar ved St. Olavs hospital etter ulukka.

Køyrde sikksakk på vegen

Ifølgje tiltalen heldt bilen for høg fart og køyrde i sikksakk på vegen. Sjåføren mista kontroll, køyrde ut på eit jorde der bilen roterte rundt ein eller fleire gonger.

Det var Adressa som melde om tiltalen først.

Dei to som no er tiltalte kom frå ulukka med mindre skader.

Politiadvokat Åsta Elise Elden ønskjer ikkje å seie noko om kor høg fart bilen hadde.

Utforkjøring Kvål

E6: Ulukka skjedde på E6 i Melhus.

Foto: Morten Karlsen / nrk

Promille på 1,35

Den 16 år gamle sjåføren hadde ei promille på 1,35, går det fram av tiltalen. Han hadde heller ikkje førarkort.

Arve Røli, forsvarer for føraren, opplyser til Adresseavisen at tenåringen erkjenner straffskuld for alt han er tiltalt for.

Passasjeren nektar straffskuld for å ha medverka til aktlaus bildrap. Forsvarer Torfinn Svanem opplyser at klienten heller ikkje var klar over at føraren var rusa. Passasjeren påverka heller ikkje køyringa hans, seier Svanem til avisa.

Filma køyringa

I tiltalen står det at passasjeren: «filma delar av bilens kupé og speedometer ved bruk av sin mobiltelefon og/eller oppfordra på anna vis N.N (sjåføren) til å køyre med høg hastigheit og i sikksakk på vegbanen slik at han mista kontroll over bilen ... »

Politiadvokat Åsta Elise Elden vil ikkje seie noko om korleis videoen av køyringa eventuelt vart delt med andre.

– Var dette ein Snap som vart sendt under køyringa?

– Eg ønskjer ikkje å seie noko om det før rettssaka, svarer Elden til NRK. Ho vil heller ikkje seie noko om hastigheita.

Bilen køyrde gjennom eit plankegjerde og ut på ein åker ved Øya vidaregåande skole.

Den omkomne var elev her og lokalsamfunnet reagerte med sorg på meldinga om dødsulukka.

Saka kjem opp i Trøndelag tingrett i løpet av vinteren.