Hopp til innhold

Familien fekk seg ei kostbar overrasking då sykkelen til Ina (9) blei stolen

TRONDHEIM (NRK): Då familien forsøkte å få tilbake pengar etter sykkeltjuveriet, oppdaga dei at eigenandelen hadde nesten same pris som sykkelen. Fleire etterlyser betre forsikringar for barnesyklar.

Ina Øyangen Hjellen (9) med ny sykkel

NY SYKKEL: Ina Øyangen Hjellen (9) har fått seg ny sykkel etter sykkeltjuveriet utanfor Singsaker skole i Trondheim.

Foto: Marita Solheim / NRK

I førre veke fortalde NRK om Ina (9) som brukte bursdagspengane på ny sykkel, men så blei sykkelen stolen i skuletida då den sto låst utanfor Singsaker skole i Trondheim.

No har Ina fått seg heilt ny sykkel. Men foreldra hennar måtte betale frå eiga lomme. Reiseforsikringa kunne ikkje dekke noko, og med innbuforsikringa vart det ikkje lønnsamt fordi eigenandelen var på 3000 kroner. Sykkelen kosta 3500 kroner.

– Det blir nesten ingen pengar igjen til ny sykkel. Det er så urettferdig, seier mor Monica Øyangen.

Familien Øyangen Hjellen hadde ikkje sett føre seg at det skulle bli noko problem å få tilbake pengane for sykkelen på forsikringa. Den nye sykkelen betalte dei 5000 kroner for.

– Vi måtte berre kjøpe ny sykkel. Vi kan ikkje gå å vente på at den gamle sykkelen skal dukke opp.

Monica Øyangen og Ina Øyangen Hjellen på trappa Trondheim 110920

PÅ TRAPPA: Mor Monica Øyangen og Ina Øyangen Hjellen (9) heime i Trondheim.

Foto: Marita Solheim / NRK

Forsikringsselskapa forstår problemet

Reiseforsikringa dekker ingenting sidan sykkelen var parkert utanfor skulen. Familien fekk avslag då dei søkte om erstatning, fordi tapet skjedde innanfor undervisningstadskommune.

«Forsikringa gjeld ikkje tjuveri av sykkel oppstått innanfor heimstad, undervisningsstad og arbeidskommune,» skriv Storebrand i brevet.

– Det er heilt ubegripeleg, seier mor Monica.

Presseansvarleg i Storebrand, Synnøve Halkjelsvik, bekreftar at reiseforsikringa ikkje kan dekke sykkeltjuveriet.

– Først og fremst var det frykteleg leit at Ina har blitt fråstolen sykkelen sin, og vi forstår at det kjennast urettferdig. Likevel stemmer det at reiseforsikringa ikkje gjeld dersom sykkelen er stolen på ein undervisningsstad i undervisningstida, seier ho.

Synnøve Halkjelsvik, Storebrand

STOREBRAND: Presseansvarleg Synnøve Halkjelsvik i Storebrand oppfordrar folk til å registrere syklane i eit sykkelregister.

Foto: Storebrand

Ho vil råde Ina og alle andre syklistar til å melde sykkelen sin inn i eit sykkelregister – då blir eigenandelen redusert dersom sykkelen blir stolen.

– Vi forstår problemet til Ina, det kjennast veldig mykje med ein eigenandel på 3000 kroner, seier kommunikasjonsrådgjevar Grete Trulsrud i Fremtind Forsikring.

Ho presiserer at eigenandelen då omfattar alt av innbu i ein husstand.

Frende Forsikring anslår at berre éin av fire politimelder sykkeltjuveri, og aksjonsgruppa «Ikke Stjel Sykkelen Min» hevdar at 55.000 syklar blir stolne i året. Det betyr at éin sykkel blir stolen kvart tiande minutt.

Etterlyser betre forsikringar for barnesyklar

– Det er uheldig dersom forsikringsbransjen ikkje har eit betre tilbod som dekker barnesyklar. Dette ville vore eit nyttig produkt, slik at også barn kan få forsikra sykkelen sin, seier fagsjef Mats Larsen i Syklistenes Landsforening.

Fagsjef Mats Larsen i Syklistenes Landsforening

– UHELDIG: Fagsjef Mats Larsen i Syklistenes Landsforening meiner forsikringsbransjen bør ha betre ordningar for forsikring på barnesyklar.

Foto: Kjetil Hasselgård / Syklistenes Landsforening

Han trur at ein bruk-og-kast-mentalitet kan forklare delar av problemet.

– Det er heilt klart eit aspekt. Ein del barnesyklar er såpass rimelege at fleire tenkjer det ikkje er verdt å skaffe seg ei forsikring på sykkelen.

Larsen råder folk til å høyre med forsikringsselskapet om ein kan få til ei forsikring som står i stil med verdien på sykkelen.

Kjenner seg ikkje trygg

Ina syklar fram og tilbake på sin nye sykkel i nabolaget på Øya i Trondheim. I slutten av september fyller Ina 10 år. Den nye sykkelen er ein bursdagspresang på førehand frå foreldra.

Ina Øyangen Hjellen (9) på sykkeltur i nabolaget

AKTIV: Ina viser stolt fram den nye sykkelen i nabolaget på Øya i Trondheim.

Foto: Marita Solheim / NRK

– Eg er fornøgd med den nye sykkelen min. No har eg fått ein veldig bra lås, så då er det mykje tryggare, seier ho.

Heilt trygg kjenner ho seg likevel ikkje.

Eg er litt redd for å sette frå meg sykkelen, men eg har begynt å låse den fast i eit tre i staden for sykkelstativet, fortel niåringen.

Kva vil du seie til dei som stal sykkelen din, Ina?

– Det er ikkje greitt. Eg blei lei meg.

Monica Øyangen og Ina Øyangen Hjellen i hagen

MOR OG DOTTER: Mor Monica Øyangen synest det er urettferdig at familien ikkje fekk forsikringspengar for den stolne sykkelen til Ina (9).

Foto: Marita Solheim / NRK