Hopp til innhold

Ordførar kolliderte da han leita etter snuseska

Ordføraren i Levanger var i nabokommunen Verdal da snuseska ramla ned frå plassen sin inne i bilen. Da gjorde han det han ikkje skulle gjort. Han bøygde seg ned og skulle ta den opp. Og så kolliderte han.

Robert Svarva, ordfører Levanger

Ordfører Robert Svarva gjorde det han ikkje skulle gjort. Han plukka opp snuseska. (Foto er tatt ved eit tidlegare høve.)

Foto: Eivind Aabakken/NRK

Ein lettare betenkt ordførar Robert Svarva ristar på hovudet over si eiga uforsiktigheit.

Han seier til Trønder-Avisa at det gode er at det gjekk bra. Særleg tenker han på dei to han kolliderte med, i ein bratt bakke aust for Vuku oppe i Verdalen, torsdag kveld.

Kolliderte på veg opp ein bratt bakke

Sjølv kom han oppover i dei bratte Austnesbakkane på fylkesveg 758 mellom Vuku og Inndalen, og det var ein rar måte å kollidere på. Han kom over i motsett køyrefelt, og trefte eit par i ein bil på tur nedover.

Video BILDEADV-SNUS-050510-OS-155802-SI_OS.mp4

Snus - eit vanleg nytingsmiddel i Trøndelag.

Foto: Nyhetsspiller

Det vart ein skikkeleg smell. Og sjølv fekk han ein trøkk. Men han seier at det gjekk trass alt bra. Enda om fiklinga etter snusen gav han eit par ribbeinsbrot. Han trefte igjen dei han hadde kollidert med både på legevakta og på sjukehuset etterpå.

Han fekk ei natt på sjukehuset i Levanger. Dei der var redde for at ribbeinsbrota kunne han skada lungene og ville han til observasjon natta over.

Måtte levere inn førarkortet

No blir Svarva utan førarkort for ei tid. Han samtykte i det.

– Eg veit det er mi skyld, fastslår han til avisa.

Kor lenge han må vere passasjer veit han så langt ikkje.

Fredag var han ikkje på jobb, men mandag tenker han seg tilbake til Levanger Rådhus.

– Det finst inga orsaking for det som skjedde, seier ordføraren til Trønder-Avisa.