Hopp til innhold

Rykka ut til melding om stikkvåpen

Politiet rykka ut til melding om eit basketak med eit mogeleg stikkvåpen ved Vår frues kyrkje i Trondheim.

Det melder Adresseavisen.

– Det har ikkje vore noko form for knivstikking. Vi har kontroll på alle partar, seier innsatsleiar Margrethe Wenseth til avisa.

Ein person er tatt med til politistasjonen. Ingen er skadd og det er framleis uklart kva som har skjedd.