Hopp til innhold

Sterk kritikk om F-35 – meiner kontrollkomiteen må undersøke tidlegare forsvarsministrar

Riksrevisjonen meiner forsvarsdepartementet har undervurdert behovet for bemanning i kampflyorganisasjonen

F-35 ved Ørland kampflybase

40 av 52 KAMPFLY: Noreg har fått levert 40 av 52 kampfly som skal etter planen leverast innan utgangen av 2024.

Foto: Ingrid Lindgaard Stranden / NRK

– Det bekymrar meg at Stortinget ikkje har fått eit godt nok bilete av kva F-35 ville koste, og SV meiner kontrollkomiteen må undersøke om forsvarsministrane i perioden kunne og burde gitt meir og betre informasjon.

Det seier Audun Lysbakken frå SV som meiner kritikken til Riksrevisjonen er svært alvorleg.

Kampflya skal etter planen vere fullt operative i 2025, men det kjem ikkje til å skje meiner Riksrevisjonen.

– Me kjem ikkje til å sjå eit kampfly som har full operativ kraft i 2025.

Det seier Riksrevisor Karl Eirik Schjøtt-Pedersen.

Avviket mellom den offentlege forteljinga om innfasinga av F-35 og den reelle situasjonen, er sjokkerande.

Det seier Christian Tybring-Gjedde i Frp om funna til Riksrevisjonen.

For første gong offentleggjer Riksrevisjonen informasjon om innfasinga av F-35.

Les også Sjefen for Natos militærkomité: – Hvert land må styrke egen evne til å motstå angrep

Admiral Rob Bauer, sjef for militærkomiteen i NATO

– Klassisk tilfelle av at det er gjort for lite

Riksrevisjonen rettar kritikk til Forsvarsdepartementet for å ikkje ha budsjettert slik at målet for innføring av kampfly kan nåast innan 2025.

Dette til trass for at risikoane har vore kjent over lang tid.

Forsvarsdepartementet får også sterk kritikk for å ikkje ha sett i gang tilstrekkelege tiltak for å nå ambisjonen for kampflyvåpenet.

– Vår vurdering er at Forsvarsdepartementet ikkje har gjort nok for å nå målet om full operativ evne i 2025.

Karl Eirik Schjøtt-Pedersen

Riksrevisor Karl Eirik Schjøtt-Pedersen.

Foto: Ksenia Novikova / NRK

Det seier Riksrevisor Karl Eirik Schjøtt-Pedersen.

– Det er eit klassisk tilfelle av at det er gjort for lite, for seint.

Dei poengterer at det ikkje er tilfredsstillande at levetidskostnadane for anskaffing av kampfly er undervurdert.

Det er to ting Riksrevisjonen har undersøkt:

  • Levetidskostnadar for F-35
  • Infrastruktur og støttefunksjonar for kampflyvåpenet si operative evne

Les også Grunneierne rundt kampflybasen vant delvis fram i retten

F-35, norske jagerfly, tanking i lufta under øvelsen Arctic Challenge, Ørland

Sterk kritikk til Forsvarsdepartementet

Forsvarsdepartementet får kritikk frå Riksrevisjonen i begge undersøkingane.

– Utfordringar med styring og leiing går igjen på tvers av undersøkingane. Også når risikoen er godt kjent, seier Schiøtt-Pedersen.

Han viser til at det er naturleg å stille spørsmålet «kvifor er det slik at forsvarssektoren ikkje greier å rette opp feil og manglar som de er fullt klare over?»

Dette vil ha konsekvensar for nasjonal sikkerheit og pengebruk.

Riksrevisjonen peiker også på at det er utfordringar med reservedelar og ammunisjon til flya, og at det ikkje er nok luftvern og baseforsvar til å beskytte flya.

– Det er sterkt kritikkverdig av Forsvarsdepartementet at de ikkje har gjort nok.

Han viser også til at Forsvarsdepartementet allereie i 2012 burde planlagt med meir eigedom, bygg og anlegg.

Forsvarsdepartementet har ikkje følgt opp rapporterte risikoar med tilstrekkelege tiltak, heiter det i rapporten.

Arctic Challenge 2023, F-35, jagerfly, Ørland

F-35 på Ørland kampflybase.

Foto: Ingrid Lindgaard Stranden / nrk

Omstilling tar tid

– Me står i ein annan sikkerheitspolitisk situasjon som krev andre vernetiltak. Samtidig vart behovet for personell undervurdert då kampflyinnkjøpet vart vedteken.

Det seier forsvarsminister Bjørn Arild Gram (Sp) som seier det tek tid å byggja infrastruktur og utdanne personell.

Bjørn Arild Gram, forsvarsminister

Forsvarsminister Bjørn Arild Gram.

Foto: David Skovly / NRK

Forsvarsministeren seier han tar Riksrevisjonen sine vurderingar på stort alvor.

– Utfordringane som blir påpeika er samansette og krev langsiktige løysingar. Regjeringa har saman med Forsvaret sett i verk ei rekkje tiltak for å betra den operative evna til kampflyvåpenet.

Han seier dei må legge til rette for at tiltaka får verka og vurder løpande behovet for fleire tiltak.

Sjef for Luftforsvaret, Rolf Folland seier til NRK at dei erkjenner det Riksrevisor Schjøtt-Pedersen seier, og at dei vil ha utfordringar med å nå planlagde milepælar.
Dette er særleg knytt til at man ikkje har nok teknikarar, men det handlar også om å ha tilstrekkeleg med anna personell og kompetanse.

– Det er mykje positivt som skjer. Blant anna med utdanning av fleire flyteknikarar. Men dette er tidkrevjande prosessar, og kjem i seinaste laget, seier Folland.

Rolf Folland, sjef luftforsvaret

Sjef for Luftforsvaret, Rolf Folland seier at F-35 er eit fantasktisk kapabelt system som har gjedd resultat som er betre enn dei hadde trudd på førehand.

Foto: Jøte Toftaker / NRK

Han viser også til at det er utfordringar rundt bygningsmasse og infrastruktur inne på flybasen på Ørlandet.

– Eksempel er forlegning og forpleiningskapasiteter, og det handlar også om hangarering av de siste 12 kampflya som nå må stå i telt. Dette er ikkje ei løysing som er berekraftig over tid, seier Folland.

Riksrevisjonen la fram rapporten klokka 13 torsdag 7. desember.

Burde vore gjort meir tidlegare

– Kampflykjøpet har vore prega av ein mangel på realisme og nøkternheit som ikkje er akseptabel i forbindelse med ei så stor og viktig avgjerd, seier Lysbakken.

Han meiner kontrollkomiteen må i gang med undersøkingar av tidlegare forsvarsministrar. Medlem i kontroll- og konstitusjonskomiteen seier også at det er ein rapport som må takast på alvor.

− Det burde vore gjort meir tidlegare, men heldigvis har regjeringa sidan den tok over, gjort mykje for å styrke den operative evna til kampflya våre.

Det seier Frode Jacobsen (Ap) i kontroll- og konstitusjonskomiteen. Seher Aydar i komiteen frå Rødt seier Regjeringa ikkje vil greie å oppfylle Stortinget sitt vedtak.

– Riksrevisjonen sin rapport seier helt tydeleg at Regjeringa har lagt fram heilt urealistiske budsjett.

Les også Har fylt opp én skvadron, nå etableres en til

F-35, norske jagerfly, tanking i lufta under øvelsen Arctic Challenge, Ørland

Innføring av F-35

I 2022 tok F-35 over QRA for F-16.

Luftforsvarssjefen viser til at når noko nytt blir innfasa vil det oppstå behov undervegs, nettopp fordi det er noko nytt.

– Evna til å ta opp endringar og omsette til handling er ikkje så effektivt i styringssystemet som ein skulle ønske, seier Folland.

Noreg har teke imot 40 av 52 kampfly. Prislappen per fly er på om lag 900 millionar kroner.

Det er planlagt at alle dei nye kampflya skal vere levert i løpet av 2024.

Noreg tek imot seks fly i året frå amerikanske Lockheed Martin. Men leveransen av kampflya har blitt forsinka. Det skuldast mellom annan ei ulukke under testflyging av eit kampfly i USA.

Då stansa Lockheed Martin all testflyging og leveranse av flya.

Leveransen starta opp att i mai.

Les også F-35-trøbbel i USA – uvisst om Norge får fly levert som avtalt

Norway F-35 Ferry Flight