Hopp til innhold

Påstand om 15 års fengsel for drap på kona i Stjørdal

Mannen (27) som er tiltalt for å ha drepe kona (24) si i Stjørdal i august 2023, må dømast til 15 år i fengsel, meiner aktor.

To små barn var augevitne til at mora vart knivdrepen. Dette er godt bevist, meiner aktor.

Han viste både til tekniske undersøkingar på åstaden og lydopptaket som vart funne på avdøde sin telefon.

– Dette er eit grufullt drap der to små barn fekk med seg alt, sa statsadvokat Rikhard Haugen Lyng i Trøndelag tingrett tysdag.

Avdøde var gravid i tolvte veke. Tiltalte har forklart at han ikkje visste om graviditeten, men dette er også godt bevist at han gjorde, meiner aktor.

Avdøde ønska å forlate tiltalte har vitneførselen avdekt.