21-åringen frå Orkdal som i fjor haust blei frikjent for drap og drapsforsøk i Lauvåsen natt til 17.mai 2000 må dermed nok ein gong møte i Lagmannsretten for å få saka si prøvd.
Riksadvokaten anka som kjent frifinningsdommen til Høgsterett, grunnen var påstand om saksbehandlingsfeil. No har Høgsterett gitt riksadvokaten medhald, og saka vil komme opp på nytt med nye dommararar og ny jury.
Skuffa advokat
21-åringen sin advokat Ann Turid Bugge er skuffa, og tek avgjerda til etterretning og er klart til å gå ein ny runde og sjå kva som då skjer. Bugge trur ikkje det vil by på noko problem, bortsett frå at det er veldig trist for ein som har gått rundt halvanna år og ikkje vorte ferdig med saka. Det vil naturlegnok ta ei viss tid før saka blir tatt opp på ny, seier Bugge.
Drept på fest i Lauvåsen
Det var natt til 17. mai for to år sidan 16 år gamle Morten Kristiansen blei drept etter ein fest i Lauvåsen i Orkdal. Veninna hans, 19 år gamle Silje Eirin Aufles Valstad, blei påført alvorlege skadar.
Ved sida av dei to låg en tilsynelatande bevisstlaus mann, -tilsølt med blod - og ved sida av ham låg steinen som ble brukt som drapsvåpen.
Denne mannen blei i Orkdal herredsrett dømt for drap og drapsforsøk, og straffa blei sett til 13 års fengsel og fem år sikring.
Frifunne i lagmannsretten
Mannen anka dommen og 19. september i fjor frifann lagmannsretten han for både drap og drapsforsøk. Fredag bestemte Høgsterett å oppheve frifinninga og 21-åringen frå Orkdal må igjen møte i Lagmannsretten.