– Dette stod på «må gjere-lista» og i desse underlege koronatidene gav det oss endeleg kicket og sparket i ræva til å komme oss på moskussafari. Det kunne ikkje vore betre, fortel Håkan Birkeli Mårtensson.
Han bur i Bergen, men har denne veka tatt turen til Oppdal og Dovrefjell for å vere med på moskussafari.
Dette er første gongen hans – og det har verkeleg gitt han meirsmak. For han har vore heldig.
– For ein fantastisk dag og for ei oppleving dette har vore. Vi starta med å sjå dei 1200 meter frå oss. Då såg vi noko rufsete og brunt, men då vi skulle ete lunsj stod dei 80–100 meter ifrå oss.
Håkan Birkeli Mårtensson frå Bergen er stornøgd med å få sjå både moskus og kalvar på safarien.
Foto: Bjørn Alexander / NRKFølget som gjekk forbi lunsjetarane bestod av to moskuskyr og to kalvar, fortel Mårtensson.
– Det var berre heilt magisk å kome så nært desse dyra. Og dei vart ikkje skremt heller.
Tre gonger så mykje folk på safari
Mårtensson er langt ifrå den einaste som har tatt turen for å prøve å sjå det ragga klovdyret. Oppdal Safari fortel om fleirdobling frå tidlegare år.
– No er det i alle fall tregangen av det vi er vande med, så det har blitt litt galskap. I dag er det fullt med to guidar og 40 personar, fortel moskusguide Johan Schønheyder.
Johan Schønheyder er dagleg leiar og moskusguide.
Foto: Bjørn Alexander / NRKTradisjonelt er det familiefolk som blir med dei på safari – så lenge dei held seg i område som ikkje er så krevjande.
- Inga tvil om at nordmenn har farta landet rundt i sommar: Er dette Noregs lengste bilkø?
- Noregsferie for alle penga: Dette er Noregs «turistkommune #1»
Ifølgje han har det klart vore meir nordmenn enn før.
– For tre år sidan snakka vi nesten aldri norsk. Då var det tysk, fransk eller engelsk, mens no er det nesten berre norsk.
Likevel har det dei siste to vekene kome franskmenn, tyskarar og italienarar som har vore lystne på å sjå moskus, fortel Schønheyder.
Meir nordmenn på moskussafari enn før, men også meir moskus enn før: Moskusen er produktiv for tida – aldri før er det talt fleire moskuskalvar på Dovre.
- Sjå video: Moskusen øver seg på vaksenlivet
- Sjå video: Her rømmer oppsynsmannen frå moskusen
Ny rekordsommar
2020 vart ein rekordsommar for reiselivet fleire stadar.
Marknadssjef Bjørn Tore Hals i Trøndelag Reiseliv seier at mange av destinasjonane deira melder om ytterlegare auke frå i fjor til i år.
Det er folk frå heile landet som har kome dit. Spesielt barnefamiliane, slik også Johan Schønheyder i Safari Oppdal nemner, har vore viktige, ifølgje han.
– Så det er vi jo kjempenøgde med. Det har vore ein verkeleg bra sommar, seier Hals.
Bjørn Tore Hals er marknads- og kommunikasjonssjef i Trøndelag Reiseliv.
Foto: Trøndelag Reiseliv