Hopp til innhold

Nektar for drap på sambuar

Den 42 år gamle drapstiltalte mannen erklærte seg som venta ikkje skuldig då ankesaka starta i Frostating lagmannsrett.

Dødsbrann på Orkanger

Ifølgje tiltalen skal 42-åringen ha tent på huset i Orkanger for å skjule drapet på sambuaren.

Foto: Henrik Sundgård

Han nektar for å ha drepe sambuaren sin, og for å ha tent på huset deira på Orkanger for å skjule eit brotsverk.

Uklårt kva ho døydde av

Dei rettsmedisinsk sakkunnige har ikkje greidd å slå fast korleis 46 år gamle Hege Opøien døydde. Ho vart funnen død i senga si etter brannen 23. juni i fjor.
Men ho hadde ikkje sot i lungene, noko som tyder på at ho døydde før brannen starta.

Aktor, statsadvokat Per Morten Schjetne, meiner kvinna sannsynlegvis vart kvelt av tiltalte.

Påtalemakta meiner både eit mobilsvaropptak og domaravhøyr av dei to felles barna til tiltalte og den drepne, er sterke bevis i saka.

På opptaket frå ein mobil høyrest ein sint stemme frå ein mann som seier ord «bitch» og «die». Ein kvinnestemme seier eit «nei» og ein kan høyre eit klynk.

Opptak spilt av i retten

Mobilsvaropptaket på mora til avdødes telefonvakt spelt av i retten måndag.

Tiltalte heldt først fast ved at det ikkje er han som snakkar. Men etter å ha vedgått at det ikkje var fleire vaksne i leilegheita enn han og sambuaren kl 05.30, spør aktor Per Morten Schjetne.

– Men sidan det berre var dykk to der, kven kan det vere som snakkar på opptaket då?

– Veit ikkje, svarer tiltalte.

– Er det deg vi høyrer, spør aktor.

– Veit ikkje.

– Korleis kan du svare det? Du bør vel vete om det er deg eller ikkje, spør aktor.

Men tiltalte kan ikkje gjere nærare greie for dette.

Fire minutt etter mobilsvarsamtalen, ringde mor til avdøde tilbake til dottera. Då var det tiltalte som tok telefonen og sa at sambuaren låg og sov.

Forsvarer John Christian Elden seier til NRK at mobilsvaropptaket uansett ikkje beviser at klienten hans drap sambuaren.

Mannen som er tiltalt for å ha drept samboeren sin og satt fyr på huset på Orkanger i fjor, nekter fortsatt straffskyld. Aktor og forsvarer er uenige om mobilsvaropptakets bevisverdi.

Aktor Per Morten Schjetne om mobilsvaropptaket

42 åringen er opphavleg frå Marokko. Han kom til Noreg som asylsøkjar i år 2000. I tingretten kom det fram at han har operert med seks ulike namn.

Han har opphalde seg ulovleg i Noreg i ti år, etter å ha fått avslag på asylsøknaden sin. Han budde saman med Opøien frå 2001 og dei har to mindreårige barn saman.

Begge var til stades då huset byrja å brenne, men tiltalte greidde å få dei ut uskadde.

– Kan ikkje fastslå brannårsaka

Har ikkje svar på kva som skjedde

Då tiltalte forklarte seg i måndag, heldt han fast ved det han sa i tingretten om at han vakna i førsteetasjen av sprakande lydar frå andre etasje. Han sprang opp og då brann det på eine sida av gangen. Han redda ut ungane frå soverommet deira og tok dei ut av huset. På grunn av varmen greidde han ikkje å kome seg opp trappa igjen for å varsle sambuaren sin som var på foreldresoverommet.

– Kva kan ha skjedd som utløyste brannen, spør rettens formann, lagdomar Sverre Erik Jebens.

Kriminalteknikere kan ikke fastslå nøyaktig hvor brannen startet

Kriminalteknikarar kan ikkje fastslå kvar brannen starta.

Foto: Politiet

– Det veit ikkje eg, det må lagretten finne ut av, svarer tiltalte.

– Ja, men eg lurte berre på om du hadde noka meining, sidan du har erklært deg ikkje skuldig, sa lagdomaren.

– Nei, svarer tiltalte.

– Mykje kjærleik, men og krangling

42-åringen sa i retten at han og sambuaren krangla av og til, på grunn av den vanskelege situasjonen hans som asylsøkjar.

– Men det var mykje kjærleik også. Du bur ikkje i lag med nokon i over 10 år om du ikkje elskar henne, sa tiltalte i retten.

Men han vedgjekk at han siste tida før brannen, hadde mistanke om at sambuaren hadde vore utru.

I tingretten prosederte aktor på at sjalusi kunne vere motivet for drapet.

Stor interesse for ankesaken

Mange følgjer saken i Frostating.

Foto: Kari Sørbø / NRK

Stor interesse

Rundt 40 personar følgjer rettssaka frå tilhøyrarplass i rettssal 206 i Trondheim tinghus. Dei fleste er vener og pårørande av avdøde.

Den 42-årige mannen vart dømt til 16 års fengsel for forsettleg drap og for å ha sett fyr på huset for å skjule eit brotsverk.

Juryen i ankesaka består av fem kvinner og fem menn.

Rettens formann er Sverre Erik Jebens, fagdommarar Gunnar Greger Hagen og Knut Røstum.

Det er sett av ei veke til ankesaka i Frostating lagmannsrett.