Hopp til innhold

Mann tiltalt for overgrep mot barn på kjøpesenter i Trondheim

Ein mann i slutten av 20-åra er tiltalt for å ha voldtatt ei jente under 14 år to gonger i fjor haust. Den eine valdtekta skal ha skjedd på toalettet ved eit kjøpesenter i Trindheim. Den andre på ei privat adresse.

– Politiet blei kjent med saka frå ulike hald. Via både vaksne, fornærma og venninner til dei fornærma, seier statsadvokat Kaia Strandjord til Adresseavisen.

Mannen er også tiltalt for seksuell handlingar med to jenter mellom 14 og 16 år.

Strandjord seier til Adresseavisen at mannen har kome i kontakt med dei fornærma via Snapchat.

20-åringen er også tiltalt for å skaffe seg og ha overgrepsmateriell mot barn.

– Tiltalen er veldig alvorleg. Han er ein vaksen mann og dei fornærma er barn, seier Strandjord til avisa.

Mannen erkjenner ikkje straffskuld og saka skal gå for retten over fire dagar i februar.