Hopp til innhold

Lastebil har køyrd av vegen og tatt fyr i Orkland

Naudetatane rykker ut til ein lastebil har køyrd av vegen ved Raudvika i Orkland. Eit felt blir stengd til bilbergar har vore på staden.

Politiet anslår at tungbergar er på staden om 1 time og 45 minutt.

Dieseltanken har tatt fyr og det er oppretta ei sikkerheitssone på over 50 meter frå køyretøyet. Det er ingen busetnad i nærleiken.

Brannvesenet er på staden og jobbar med å sløkke brannen.

Hengaren har losna og ligg for seg sjølv og er lasta med trelast.

NRK anbefaler