Hopp til innhold

Lærar får behalde jobben – trass påstandar om vald mot elevar

Læraren fekk sparken fordi kommunen meinte han brukte vald mot elevar. Men i to rettsinstansar fekk han medhald i at oppseiinga var usakleg. – Katastrofalt at læraren får halde fram, seier oppvekstdirektøren i Trondheim kommune.

Trondheim tinghus i september

Etter to rettsrundar i Trondheim tinghus får læraren behalde jobben, trass påstandar om valdsbruk på skulen.

Foto: Amund Aune Nilsen / NRK

Det er halvtanna år sidan læraren vart skulda for å ha utøvd vald mot barneskuleelevar ved fire tilfelle. Han vart suspendert og fire månader seinare oppsagt. Læraren gjekk til sak mot Trondheim kommune. I tingretten meinte fagdomaren at oppseiinga var gyldig, mens fleirtalet på to meddomarar gav læraren medhald.

Kommunen anka domen til lagmannsretten.

Her vitna fleire av kollegaene til læraren og fortalde om ei klasse med ordensproblem. Men miljøet betra seg etter at den aktuelle læraren tok over.

«Tilsnakk» er eit av dei få verkemidla lærarar har overfor elevar som ikkje overheld ro og orden i skulemiljøet.

Det må vere rom for å gjere feil og utøve dårleg skjøn utan at det skal få følgjer for arbeidsforholdet, meiner Frostating lagmannsrett.

Tre av dei fire episodane som er grunnlaget for oppseiinga gjeld same elev.

Trondheim fra lufta

Ein lærar ved ein barneskule i Trondheim saksøkte kommunen etter å ha vorte oppsagd på grunn av påstandar om vald mot elevar.

Foto: Østbyen frivillighetssentral

Klapsa elev på baken og brukte fysisk makt

Saka starta då eleven fortalde rektor at læraren mellom anna hadde slått han ved to høve.

Den første gongen skjedde då ungen la seg tvers over ein vask med fire kranar og drakk vatn. Læraren bad han to gonger om kome seg ned frå vasken. Så gav han eleven eit slag eller eit klaps på baken. Retten har brukt mykje tid på å drøfte styrken i dette.

Ifølgje læraren var handlinga ikkje meint som straff, men som eit signal om å fjerne seg frå vasken. Lagmannsretten peiker på at læraren kunne valt ei anna løysing, men på den andre sida gjorde han ikkje dette ikkje for å audmjuke eleven. Retten meiner tilfellet er i ei «gråsone» for kva som kan oppfattast som krenkande.

I ein norsktime hadde eleven vore uroleg og læraren bestemte at eleven skulle vere igjen ein halvtime for å få gjort skulearbeidet. Ein generell avtale med mor til eleven om leksehjelp, vart vist til i retten. Men eleven vart sint, kasta stolar ned frå pultane og sprang mot døra for å kome seg ut. Læraren strekte fram handa for å stanse eleven. Seinare fortalde ungen at læraren hadde slått han i brystet, noko læraren nekta for.

Både ting- og lagmannsrett kritiserte her læraren for å ha brukt fysisk makt og dårleg skjøn ved å tvinge eleven til å vere igjen etter skuletid.

Ville teste smerteterskelen til læraren

I tredje episoden vart eleven løfta opp etter bukselinningen etter at han klaup læraren i halsen for å teste smerteterskelen hans. Læraren var med å leiken ei stund, men då det byrja å gjere vondt, fekk eleven beskjed om å slutte. Då han ikkje gjorde det, løfta læraren ungen unna.

Det må vere lov for ein lærar å gripe inn fysisk for å verje seg sjølv og ha eit visst handlingsrom utan at det får følgjer, meiner retten om dette tilfellet.

Like før desse hendingane var det krangel mellom to andre elevar i gymsalen. Den eine kasta ein stepkasse etter den andre, men trefte golvet. Læraren tok tak i eleven for å hindre han i ta opp jakta etter den andre. Det endte med at eleven ramla i golvet to gonger. Men læraren hadde plikt til å gripe inn for å skåne den angripne eleven, fastslår retten. Dei to som krangla er ikkje spurt om hendinga i ettertid. Det var eleven som var innblanda i dei andre sakene som fortalde rektor om hendinga i gymsalen, slik han hadde høyrt det frå andre.

Lagmannsretten meiner derfor hendinga er for dårleg belyst til at den kan tilleggast vekt.

Camila Trud Nereid

Oppvekstdirektør i Trondheim kommune Camilla Trud Nereid er skuffa over at kommunen ikkje blei trudd i saka.

Foto: Morten Andersen / NRK

– Retten har ikkje trudd på kommunen

Mora til eleven forklarte i retten at barnet hadde ein tendens til å overdrive.

Trondheim kommune melde saka til politiet som la den bort utan at nokre av dei innblanda vart innkalla til tilrettelagde avhøyr på barnehuset i Trondheim.

– Vi var rimeleg sikre på å vinne denne saka, men retten har ikkje trudd på kommunen, seier oppvekstdirektør Camilla Trud Nereid til NRK.

Men av omsyn til elevane var det viktig for kommunen å reagere på episodane og seie tydeleg ifrå når lærar krenker elevar, uavhengig av utfallet i retten, meiner Nereid.

Oppvekstdirektøren vitna sjølv i retten og reagerte på at læraren der demonstrerte slaget på baken til eleven ved å klappe seg sjølv på skuldra.

– Det framstod som eit vengeslag frå ein sommarfugl. Det står i sterk kontrast til korleis læraren demonstrerte styrken på slaget i møte med personaltenesta, tillitsvalde og rektor. Då slo læraren hardt i bordplata så den rista, seier Nereid til NRK.

Advokaten til læraren, Vilde Brunstad Riiser, seier til NRK at klienten er glad for at han fekk medhald og at oppseiinga ikkje var sakleg. Om Nereids syn på slaget seier Brunstad Riiser:

– Eg er forundra over den manglande respekten kommunen har for avgjerda til retten. Eg tilrår Trondheim kommune å vere medveten på rolla dei har som arbeidsgjevar.

Læraren som no har vunne saka mot kommunen i to rettsinstansar er fast tilsett, men for tida overtalig.

Trondheim kommune må også betale drøye ein halv million kroner i sakskostnader til læraren. Dei vurderer også å anke saka til Høgsterett.