Hopp til innhold

Har du blitt biten av denne basillen?

Janove Ottesen frå Kaizers Orchestra har starta som soloartist, og vi sjekker ut om han lev opp til fansen sine forventningar.

Janove Ottesen på Byscenen

Tord Pedersen drar fram liveshowet som det mest spektakulære med Kaizers og Janove.

Foto: Helene Solheim / NRK

– Det er ingenting som har appellert så mykje til meg som Kaizers, seier Tord Pedersen som beskriv sitt største idol som ein sjølvlysande og altoppslukande frontfigur.

Han har bestilt billettar til Janove-konserten i både Stavanger og Trondheim for fleire månader sidan, og no er han klar for Byscenen. Han er tidleg ute, og sikra seg ein plass heilt framme med scena. Før konserten startar kjem Janove bort til han.

– Hei Tord!

Janove Ottesen og Tord Pedersen

Tord Pedersen beskriv sitt største idol som ein sjølvlysande og altoppslukande frontfigur.

Foto: Helene Solheim / NRK

Sjølv om trønderen har møtt idolet sitt fleire gonger tidlegare, er han tydeleg rørt over gjenkjenninga. Tord har vore på over 20 Kaizers-konsertar, og no er han glad for Janove er tilbake på scena.

– Han har ein heilt eigen evne til å famne publikum på. I mine auge er han Norge sin beste entertainer.

Som ein fotballklubb

Janove sjølv synast det er herleg å vere tilbake på scena, og han synast det er fantastisk at folk reiser land og strand for å følge eit band eller ein artist. Han samanliknar det med fotball, kor folk har ein klubb dei heie på gjennom tjukt og tynt - til og med nedover i divisjonane.

– Eg lika å tru at det er fordi vi gjer så mykje frå vår side som er sant. Det er mykje musikk, mykje heilskap, det er tekstunivers og karakterar som er spennande å setje seg inn i for dei som er interessert. Vi spela liveshow som er inkluderande, og bygger bru til publikum heile tida.

Janove Ottesen spela på Byscenen

Dei fleste av konsertane til Janove som soloartist har vore utseld i lengre tid.

Foto: Helene Solheim / NRK

Og korleis fansen kan bli så trollbunde, det skjønnar Janove:

– Eg er den største Kaizers-fanen, og eg er den største Janove-fanen. Eg syns songane er dødsbra, og det er derfor eg reiser rundt og framfører dei.

Ei lukkeleg Janove-boble

Tord drar fram liveshowet som det mest spektakulære med Kaizers, og han synast Janove som soloartist klarar å leve opp til forventingane. 23-åringen samanliknar han litt med Robbie Williams som entertainer, og gler seg til sommaren kor han skal på fleire Janove-konsertar - i tillegg til Robbie Williams.

Tord Pedersen på Janove-konsert

Tord beskriv opplevinga på konsert som altoppslukande.

Foto: Helene Solheim / NRK

Tord prøver å setje ord på kva som er så spesielt med Kaizers og Janove, men det er ikkje enkelt. Han fortel at det er som ei eiga verd, kor alle som har komt inn aldri ser seg tilbake. Folk tatoverar seg, snakkar om sine framtidige born med Janove, og syng som eit storslagent kor til alle songane.

– Ein skjøna det ikkje heilt før ein reiser på ein konsert. Det er så sinnssjukt bra, og berre du kjem deg på konsert så er du trollbunde.