Hopp til innhold

Knallharde kuler av is trefte Trøndelag

Eit heftig torevêr har pågått i Trøndelag mandag, og fleire har opplevd store haglkuler.

Eit heftig torevêr har treft fleire stader i Trøndelag i dag.

Det var ei skikkelig haglebyge som traff Rissa mandag ettermiddag.

– Det var ikkje snø, det var is! Eg har aldri sett så store hagl før, dei var knallharde.

Tone Trøen Halvorsen fortel om det fryktelege uvêret som trefte dei i Rissa i dag. Først vart parabolen slått ut, deretter vart det heilt mørkt.

– Så kom haglet. Vi stod under tak, og då vi prøvde å rekke ut handa gjorde det vondt. Det var knallharde isklumpar, seier Halvorsen.

Tone Trøen Halvorsen

Rakel, Tone og Ida Kristine Trøen Halvorsen viser fram haglet som slo ned over dei i Rissa måndag ettermiddag.

Foto: PRIVAT

Ungane hennar hadde sett på TV då signalet forsvann, og dei er alle glade for at dei kunne vere under tak.

– Det hadde ikkje vore så greitt å stå under haglbya. Eg har aldri sett slik hagl før, seier ho.

Typisk "norsk sommar"

Vakthavande meteorolog i Bergen, Espen Biseth Granan, fortel at dette ikkje er uvanleg - og beskriv det som godt, norsk sommarvêr.

– Det er ikkje ukjend at det førekjem hagl i desse typen byer. Det er minusgrader høgt oppe i atmosfæren, og då kan det byggje seg opp store haglkuler.

Torevêr Flatanger

Det var dette bilete Wenche Dahle rakk å fotografere før uvêret sette inn for fullt.

Foto: Wenche Dahle

På førehand var det meldt regnbyer med utsikt for torevêr over store delar av Trøndelag, og meteorologen fortel at det for forbi Trondheim og over Fosen - før det haldt fram nordover. No ligg byene over Namsos-området, men Granan seier det er i ferd med å gå i oppløysing.

– Intensiteten har gitt seg litt, men uvêret vil halde på ei stund til.

Laster Twitter-innhold

Laster Twitter-innhold

Greitt å søke under tak

Også i Flatanger slo uvêret inn. Wenche Dahle var ute i hagen for å fotografere dei mørke skyene som hadde dukka opp på himmelen. Etter kort tid byrja det å regne.

– Eg kom meg fort inn, også skjedde det veldig fort. Det small så høgt av haglet av hunden vårt vart redd. Det var litt skummelt, seier Dahle.

Sjå video av haglbya som trefte huset til Wenche Dahle tidlegare i dag.

Ho seier at haglet hadde ein diameter på minst 5 millimeter, og samanliknar størrelsen med ei veslefingernagl. Meteorolog Granan forstår at det kan vere skummelt:

– Når det blir ein slik størrelse på byene kan det vere vondt å få i hovudet, så det kan vere greitt å søke under tak. Blir dei store er det klart det er ubehageleg.

Det er cirka 20 grader rundt om i Trøndelag måndag ettermiddag, og for tysdagen meldast det litt kjøligare og rolegare vêr.

– Det kan framleis komme nokre byer, men det verste er over, seier Granan.