Eit bryggeanlegg kollapsa ved Kjerknesvågen i Inderøy kommune. Politi og brannvesen er på staden, og ingen personar skal vere skadd. Det jobbast no med sikring av båtane og kaianlegget.
– Det er tre båtar som er treft, og ein 17-fots båt har gått ned, seier operasjonsleiar ved Nord-Trøndelag politidistrikt, Lars Letnes.
Operasjonsleiaren seier at det er grunna vêret at brygga har kollapsa.