Hopp til innhold

Kleptokatta Siri får ikkje nok av selbustrikk

– Viss det sit nokon der heime og manglar seks par med vottar, så er dei heime hos meg.

kleptokatta

KLEPTOKATT: Katten Siri har gjort hobby av å stele strikketøyet til naboane.

Foto: Mathias Mikalsen / NRK

Katten Siri bur heime hos Tone Lund i Trondheim, og betaler husleiga si i stolne selbuvottar.

Kvar ho stel dei frå, er det berre tjuven sjølv som veit.

– Hyggeleg, men flautt

Det heile starta med ein selbuvott på toppen av skapet i stova.

– Eg tenkte kanskje det var nokon som hadde gløymt han igjen etter eit besøk, sjølv om det var litt merkeleg no på sommaren, seier katteeigaren.

Etter kvart kom det fleire og fleire vottar i hus, og Tone forstod at det var Siri som stod bak den veksande haugen med selbustrikk.

Det var Adressa som omtalte denne saken først.

kleptokatta-120723-tl

Her ligg ein liten haug med tjuvegods frå katten Siri. Eigar Tone Lund seier det byrjar å bli flautt.

Foto: Mathias Mikalsen / NRK

Vottane har dukka opp éin etter éin, men «kleptokatta» har likevel lukkast med å pare dei saman igjen.

– No har eg seks par vottar, to gryteklutar og eit strikketøy som framleis har strikkepinnane i seg, seier Tone og ristar på hovudet.

For sjølv om gesten frå Siri er hyggeleg, og vottane er av ytst god kvalitet, synest eigaren det begynner å bli litt flautt.

– Det begynner å bli litt kjedelegdet er jo nokon som sit og strikkar desse fine vottane.

Tone Lund har hengt opp ein plakat på postkassen og vore i fleire aviser, der ho har etterlyst den mystiske strikkemaskina. Dessverre så langt utan hell.

Her kan du se Siri og strikketøyet. Matmor håper eieren ser videoen og melder seg!

Ei løysing?

For å få klarlagt alle sider av saka har NRK kontakta Hanne Kristin Rhode. Ho er ein kjend norsk jurist, forfattar og tidlegare politileiar.

Rhode trur det er tre moglege motiv som ligg til grunn for Siri sine kriminelle lyster.

Motiv 1

  • Siri kan vere ei usedvanleg empatisk sjel som ser at det er andre pusekattar i nabolaget som ikkje kjem inn på natta og er ute og frys. Teorien er at ho no driv og hamstrar til likesinna vêrhår som ikkje har høvet til å ha det varmt.

Motiv 2

  • Eit anna motiv kan jo vere at Siri er veldig glad i eigaren sin sånn som mange pusar er. No vil ho hjelpe eigaren sin med dei høge straumprisane. Siri vil at eigaren skal halde seg god og varm til vinteren.

Motiv 3

  • Det kan også vere at ho av og til blir litt irritert på eigaren sin, slik vi veit at kattar kan bli, og lagar seg ei eiga furtebu.

Same kva motivet er, så er løysinga på problemet ganske enkelt med den teknologien som finst i dag.

Det eigaren til Siri bør gjere er å skaffe eit halsband med GPS. Då ser ho kvar ho hentar vottane.

Hanne Kristin Rohde

Rohde er utdanna jurist ved Universitetet i Oslo, og har jobba i ulike stillingar i Politiet frå 1989 fram til ho slutta som leiar for seksjon for valds- og seksualbrotsverk i Oslo politidistrikt i 2014.

Foto: Morten Bendiksen

Veldig oppteken av klede

At Siri likar ullklede er ikkje noko nytt, fortel Tone Lund.

Ho pleier å gå i gangen og hente seg ullskjerf for å lage sti rundt om i huset. Då legg ho skjerf etter skjerf, og vil at eg skal gå på dei.

Det same gjeld ullgenserar og vottar som ho trekker fram. Dei vil ho at matmor skal kle seg i.

Katten er også serviceinnstilt og bruker, ifølgje Tone, å legge fram klede på sengekanten til henne kvar morgon.

– Ho går opp i 2. etasje og hentar kleda, så legg ho dei fint fram før ho vekker meg.

Det kan altså verke som at det heile starta som ei søt og uskuldig interesse for ullklede, men at det har gått for langt. Resultatet har ført til at Siri har fått kallenamnet «kleptokatt».

– Så viss det sit nokon der heime og manglar seks par med vottar så er dei heime hos meg.

kleptokatta-120723-tl

Katten Siri er nok i overkant oppteken av klede.

Foto: Mathias Mikalsen / NRK