Hopp til innhold

Desse kinesiske roarane vil bli like gode som nordmenn på ski - før OL på heimebane

Det kinesiske langrennslaget «Team Snow Leopard» har sett seg som mål å stille til start under OL i Beijing i 2022. Målet er å hevde seg blant dei beste i verda.

SJÅ VIDEO: Desse idrettsutøvarane har tidlegare drevet med roing, men no vil dei bli så gode på langrenn at dei kan delta under vinter-OL om fire år.

32 spreke kinesarar spring rundt på ski i den vesle bygda Meråker i Trøndelag i dag. Her skal dei vere i tre månader, for å lære kunsten å gå på ski.

Kina på ski i Meråker i Trøndelag

Anders Högberg er trenar for langrennsløparane frå Kina. Han seier dei gjer det betre dag for dag.

Foto: Jøte Toftaker / NRK

– Dei er veldig godt trent, men ikkje så vand med å gå på langrenn.

Anders Högberg (42) er ein svensk langrennsløpar, og no jobbar han som trenar i Meråker i Trøndelag. Han har fått i oppgåve å førebu dei kinesiske roarane på eit vinter-OL. Laget kallar seg «Team Snow Leopard». Högberg synest det er ei spennande utfordring:

– Dei blir flinkare og flinkare, men det er ein lang veg å gå, seier han og ser seg rundt i skisporet.

Vil bli like gode som nordmenn

Kina er kanskje ikkje dei beste på vintersport. Under OL i Pyeongchang i år tok dei totalt ni medaljar, og berre ein av dei var gull. Norge tok derimot 14 gull, og enda på 39 medaljar totalt. Neste runde med vinterleikar blir i Beijing, hovudstaden i Kina, i 2022. Målet for kinererane som er i Meråker no er å kunne hevde seg blant dei aller beste under OL på heimebane.

Kina på ski i Meråker i Trøndelag

Su Shenghua som er ein av trenarane til «Team Snow Leopard» seier det er gode forhold å trene på i Norge.

Foto: Jøte Toftaker / NRK

– Nordmenn er nokon av dei beste i verda på ski, seier den kinesiske langrennstrenaren Su Shenghua.

Då Beijing blei tildelt vinter-OL, tok Kina nemleg kontakt med Norges Skiforbund. Dei ville ha hjelp til å skaffe norske trenarar, så dei kan bli like gode som for eksempel Johannes Høsflot Klæbo, Petter Northug, Therese Johaug og Maiken Caspersen Falla.

Idretten opnar dører

Kina på ski i Meråker i Trøndelag

Både i isdisken og på kaffimaskina heng det lappar på kinesisk, seier rektor ved Meråker vidaregåande skule, Bjørg Sissel Kvannli.

Foto: Jøte Toftaker / NRK

Bjørg Sissel Kvannli som er rektor på den vidaregåande skulen i Meråker har vore med på prosjektet med å få dei kinesiske roarane dit. Forholdet mellom Kina og Norge har tidlegare vore litt anspent, og Kvannli trur dette er ein fin veg å gå:

– Idrett er ein arena der unge og vaksne kan samlast i eit felles samarbeid. Det opnar dører for mange ting, og kanskje kan det her bidra til å gjere litt forskjell i ein større samanheng?

Får besøk av idrettsministeren

Til helga kjem idrettsministeren i Kina til Norge. Han skal blant anna å besøke dei kinesiske idrettsutøvarane.

– Det er veldig spennande. Eg tvilar på at det har vore ein kinesisk minister i Meråker før, seier Kvannli med eit smil.

Svenske Högberg ser og positivt på samarbeidet:

– Det er jo sjølvsagt eit steg i riktig retning.

Kina på ski i Meråker i Trøndelag

Dei tidlegare roarane skal vere i Norge i tre månader. Målet er å bli blant verdas beste på langrenn.

Foto: Jøte Toftaker / NRK