Hopp til innhold

Johannes (21) frå Trondheim fekk NM-sølv i hundekøyring

– Planen var eigentleg berre å kome i mål. Så dette gjekk over all forventning. Hundane var godt trent og vi var godt førebudde.

Det seier Johannes Mortensen Flessen (21) frå Trondheim som i helga kom på 2. plass i NM i langdistanse hundekøyring.

Han konkurrerte i avgrensa klasse i Femundløpet på Røros som i år var Noregs meisterskap. Avgrensa klasse vil sei at løpet er 450 km og du kan ha opp til åtte hundar. Det var nesten 100 deltakarar i klassen.

Trass i sin unge alder så er Johannes ein erfaren hundekøyrar. I fjor kom han på 9. plass i VM i langdistanse hundekøyring avgrensa klasse. Til dagleg bur han i Trondheim og studerer havbruksingeniør ved NTNU.

Johannes Mortensen Flessen på Femmundløpet.
Foto: Thorleif Thorsen